Bransjeanalyse – ekstern analyse

Kva er ein bransjeanalyse?
Ein bransjeanalyse er ei kartlegging av konkurransesituasjonen i ein bransje. I ein bransjeanalyse ser vi blant anna på talet på konkurrentar, innovasjonsgrad og ulike økonomiske forhold.
Om vi skal starte ei ny verksemd, er det viktig å gjere ein bransjeanalyse. Men òg for etablerte verksemder kan ein slik analyse vere nyttig, spesielt ved endringar i marknaden, som nye konkurrentar, ny teknologi, lovendringar og nye måtar å distribuere produkta på.
Film: Bransjeanalyse og situasjonsanalyse
I filmen nedanfor (lende 05:11) ser du korleis Mette analyserer bransjen for elsparkesyklar,
Kva siktar ein til med ein bransje?
Bransje er eit samleomgrep på verksemder som sel same eller liknande produkt. Verksemder i same bransje har i tillegg lik eller liknande produksjon, kundar, konkurrentar eller marknader. Daglegvarebransjen, sportsbransjen, møbelbransjen og forsikringsbransjen er døme på ulike bransjar innanfor næringslivet.
Tenk over
Korleis vil du beskrive bransjen som elsparkesyklar er ein del av?
Porters konkurransekrefter
Det finst fleire ulike analysemodellar du kan nytte deg av for å gjennomføre ein ekstern analyse. Ein av dei mest brukte er Porters modell:
Du kan nytte Porters modell for å kartlegge kva mogelegheiter og truslar som finst i ein bransje, basert på fem konkurransekrefter som påverkar konkurranseintensiteten. Sterke konkurransekrefter fører til høg konkurranseintensitet, noko som svekker lønnsemda i bransjen.
Porters fem konkurransekrefter er:
konkurranse i bransjen
trussel frå substitutt
trussel frå nyetableringar
makt hos kundar
makt hos leverandørar
Konkurranse i bransjen
Konkurransen varierer mellom ulike bransjar. For å analysere konkurransen mellom verksemder i ein bransje kan det vere nyttig å sjå nærare på mellom anna:
talet på konkurrentar og forholdet mellom dei
differensiering av produkta
Til dømes består klesbransjen av mange konkurrentar, som inkluderer både store kleskjeder, mindre uavhengige klesbutikkar og globale moteprodusentar med eigne merkebutikkar.
Delar av klesbransjen er prega av relativt homogene produkt, noko som styrker konkurranseintensiteten.
Tenk over
Kva tenker du kjenneteiknar bransjar med høg konkurranseintensitet?
Gi døme på bransjar som du meiner har høg konkurranseintensitet.
Ulike kjenneteikn på høg konkurranseintensitet
Bransjar med høg konkurranseintensitet blir kjenneteikna av faktorar som
mange konkurrentar
konkurrentane er omtrent like store i storleik og ressurstilgang
dei konkurrerer om dei same kundane
lite differensierte produkt (homogene produkt)
For homogene produkt er pris ofte eit viktig konkurransemiddel. Aktiv bruk av pris som konkurransemiddel kan føre til priskrigar, som igjen kan svekke lønnsemda til dei ulike verksemdene i bransjen.
Tenk over
Korleis vil du beskrive konkurranseintensiteten i klesbransjen?
Korleis vil du beskrive konkurranseintensiteten i bransjen for elektriske sparkesyklar?
Trussel frå substitutt

Substitutt er produkt som ikkje er identiske med produkta i bransjen, men som likevel kan dekke same behov og dermed sest på som erstatningar.
Til dømes i ein bransje for framkomstmiddel kan substitutt for elsparkesyklar vere vanlege syklar, sparkesyklar, elsyklar, hoppestokkar og andre framkomstmiddel som buss, tog, bil og så vidare. Jo fleire og betre substitutt som finst, jo høgare er trusselen frå substitutt.
Trusselen frå substitutt svekker lønnsemda i ein bransje ved å avgrense prisane som bedriftene kan ta for produkta sine. Viss prisen på eit produkt i bransjen er for høg, vil kundane velje eit billigare eller betre substitutt i staden. Dermed må bedriftene i bransjen konkurrere – ikkje berre med kvarandre – men òg med bedriftene i substituttbransjane. Dette aukar konkurranseintensiteten og pressar lønnsemda i bransjen ned.
For å vurdere trussel frå substitutt i ein bransje må vi vurdere kor lett kundane kan byte til andre produkt som dekker same behov. Nokre faktorar som påverkar dette, er bytekostnader, prisforskjellar, kvalitetsforskjellar, tilgjengelegheit og kundelojalitet. Viss bytekostnadene er låge, prisforskjellane store, kvalitetsforskjellane små, tilgjengelegheita høg og kundelojaliteten låg, er trussel frå substitutt høg. Omvendt, viss bytekostnadene er høge, prisforskjellane små, kvalitetsforskjellane store, tilgjengelegheita låg og kundelojaliteten høg, er trusselen frå substitutt låg.
Trussel frå nyetableringar

Om det er lett å etablere verksemder i ein bransje, påverkar konkurranseintensiteten. I enkelte bransjar dukkar det stadig opp nye aktørar som ønsker å etablere seg i marknaden og vinne marknadsdelar. Dette kan føre til ein meir intensiv konkurransesituasjon, med mellom anna auka prispress.
For å dempe konkurranseintensiteten i bransjen vel nokre verksemder å slå seg saman. På den måten kan dei oppnå stordriftsfordelar og bygge etableringshindringar. Store, etablerte aktørar med høgt innkjøpsvolum kan ha ei forhandlingsmakt som gjer at dei mellom anna kan oppnå lågare innkjøpsprisar. Dette vil igjen kunne gjere det vanskelegare for nye aktørar å konkurrere på pris.
Andre etableringshindringar kan til dømes vere dersom ein eller fleire aktørar i bransjen har unike produkt som tydeleg skil seg ut og/eller patenterte løysingar. Eksempelvis kan Apple si kjende merkevare og patenterte teknologi og design skape etableringshindringar i mobilbransjen.
Infrastruktur kan òg vere ei etableringshindring i enkelte bransjar. Til dømes er vi avhengige av tilgang til eit jernbanenett for å kunne tilby togreiser. Dette gjer trusselen frå nyetableringar mindre i bransjar som er avhengige av ein gitt infrastruktur.
Makt hos kundar

Kor stor innverknad kundane har over verksemdene, varierer mellom bransjar. Stor innverknad gir kundane makt. Graden av makt avheng av fleire faktorar, mellom anna tilbod og etterspørsel, valmoglegheiter og bytekostnader. Viss tilbodet er større enn etterspørselen, vil kundane ha meir makt, fordi dei kan velje mellom fleire alternativ og presse prisane ned. Jo meir makt kundane har, desto meir vil lønnsemda svekkast.
Eit døme på ein bransje der kundane kan ha mykje makt, er reiselivsbransjen. Kundane har ofte mange valmoglegheiter når det gjeld reisemål, transport, overnatting og aktivitetar. Dei kan samanlikne prisar og kvalitet på ulike plattformer og nettstader, og dei kan lese meldingar og tilrådingar frå andre reisande.
Viss etterspørselen er større enn tilbodet, vil kundane ha mindre makt, fordi dei i større grad må akseptere dei vilkåra som verksemdene i bransjen set.
Viss bytekostnadene er låge, vil kundane ha meir makt, fordi dei kan byte til andre produkt eller leverandørar utan store ulemper eller tap. Viss bytekostnadene derimot er høge, vil kundane ha mindre makt fordi dei blir meir bundne til verksemdene som dei allereie handlar frå.
Makt hos leverandørar

Når leverandørar har stor innverknad over verksemder i ein bransje, seier vi at dei har makt. Med denne makta kan dei påverke pris, kvalitet og andre forhold. Jo meir makt leverandørane har, desto meir vil lønnsemda blir svekt. Grad av makt hos leverandørar avheng av fleire faktorar, som talet på leverandørar, bytekostnader, og kor unikt produktet er.
Viss det er få leverandørar, vil leverandørane ha meir makt, fordi dei kan setje høgare prisar og diktere vilkåra. Få leverandørar kan òg utgjere ei sårbarheit for verksemder. Til dømes dersom leverandøren får leveringsproblem eller går konkurs, kan det få store konsekvensar for verksemda.
Ved høge bytekostnader vil leverandørane ha meir makt, fordi verksemdene vil vere meir avhengige av dei og mindre villige til å byte.
Viss leverandørane har kontroll over ein unik og viktig ingrediens, vil dei òg ha meir makt. Eit døme på ein slik ingrediens er kakaobønner, som er ei essensiell råvare for sjokoladeproduksjon. Det er avgrensa tilgang på kakaobønner, då dei hovudsakleg blir dyrka i nokre få land i Afrika, Asia og Sør-Amerika. Dette kombinert med den store etterspørselen gir kakaobønneleverandørane stor makt over sjokoladeprodusentane. Det kan igjen påverke prisen og kvaliteten på sjokoladen.
Fire nye konkurransekrefter
I tillegg til dei tradisjonelle konkurransekreftene i Porters modell kan vi legge til fire nye konkurransekrefter.
Dei fire nye konkurransekreftene er:
digitalisering
innovasjon
globalisering
påverkinga til styresmaktene
Digitalisering

I den grad ein bransje bruker teknologi for å effektivisere, fornye og skape verdi, kallar vi konkurransekrafta digitalisering.
For å vurdere digitalisering som konkurransekraft kan vi sjå på
kva type teknologi som finst i bransjen, og kor avansert han er
kor sannsynleg det er at det kjem ny type teknologi som kan forandre bransjen
i kor stor grad anskaffingar, sal og arbeidsoppgåver går føre seg gjennom digitale prosessar
Innovasjon

For å oppnå konkurransefordelar må verksemder vere innovative. Det vil seie at dei heile tida må sjå om det er mogleg å utvikle nye produkt, nytte nye produksjonsmetodar eller utvikle nye distribusjonsformer.
Vi kan analyse innovasjonsgrada i bransjen ved å til dømes sjå på
talet på patent
varemerke
opphavsrettar og forretningshemmelegheiter
investeringar i forsking og utvikling
samarbeid med andre aktørar
Globalisering

Globalisering betyr at verda blir meir samankopla gjennom mellom anna auka handel og kulturutveksling. Globalisering påverkar nær sagt alle verksemder til ein viss grad. I kor stor grad verksemder må handtere leverandørar, ulike samarbeidspartnarar og kundar på tvers av landegrenser, seier noko om konkurranseintensiteten i bransjen.
Globalisering kan skape nye mogelegheiter for verksemder, som å nå ut til nye marknader, få tilgang til billigare og betre ressursar og teknologi. Men dette kan òg gi nye utfordringar for verksemder som må tilpasse seg ulike kundar, lover, konkurrentar og samfunnsforventningar i ulike land og regionar. God kjennskap og eit godt samarbeid i den internasjonale marknaden kan gi verksemder eit konkurransefortrinn.
Globalisering som konkurransekraft kan variere mellom ulike bransjar, avhengig av kor globaliserte dei er, og kva faktorar som påverkar konkurranseevna deira. Nokre bransjar er svært globaliserte, som olje- og gassbransjen, IT-bransjen, medie- og underhaldningsbransjen og reiselivsbransjen. Derimot er frisørbransjen eit døme på ein bransje som ikkje er særleg globalisert, fordi han krev fysisk nærvær.
Påverkinga til styresmaktene

I kva grad blir verksemder i bransjen påverka og regulerte av styresmaktene? Styresmaktene kan påverke ein bransje ved å fremme eller hemme konkurranseevna til verksemdene i bransjen. Dette kan til dømes dreie seg om skattar og avgifter, ulike tilskot og støtteordningar, lover og reglar.
Nokre døme på korleis styresmaktene kan påverke enkelte bransjar, er lågare avgifter for elbilar og lakseskatt for oppdrettsnæringa.
Relatert innhald
PESTEL er eit rammeverk som kan nyttast til å analysere ulike makroforhold som omgir ei verksemd.

