Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Talormade

Her er eit forslag til ein førebuingsdel de kan bruke som øving til ein eventuell munnleg eksamen i marknadsføring og leiing 1.

Case – Talormade

Denne førebuingsdelen kan vere fin å bruke som om den skulle vore ein reell munnleg eksamen – så langt det let seg gjere. Sjå situasjonsbeskriving, retningslinjer for munnleg eksamen og kompetansemål nedanfor.

Situasjonsbeskriving

Talormade er eit norsk kaffibrenneri og bakeri. Verksemda har utvikla eit konsept der kvalitet, visuell identitet og smaksoppleving står sentralt. Donuts og anna bakverk kjem i ulike variantar med kreative smakar, glasurar og dekorasjonar, og dei ulike produkta skal gi både ei smaksmessig og visuell oppleving. Ta utgangspunkt i informasjon på Talormade si nettside.

Retningslinjer for munnleg eksamen

Munnleg eksamen er todelt og består av

  • førebuingstid: 24 timar

  • eksamenstid: inntil 30 minutt

På førebuingsdagen møter du på skulen og trekker ein førebuingsdel. Det blir delt ut relevante kompetansemål frå læreplanen og vurderingskriterium saman med førebuingsdelen. Dette gir deg eit utgangspunkt til å førebu deg til munnleg eksamen, men du får ikkje få vite kva spørsmål som skal brukast under sjølve eksamen. På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne.

Du vel sjølv om du vil førebu ein presentasjon til eksamensdagen. Presentasjonen kan utgjere inntil 10 minutt av eksamenstida. Dersom du vel å innleie eksamen med ein presentasjon, skal ikkje eit eventuelt produkt som er laga i førebuingstida bli vurdert i seg sjølv. Kompetansen du viser munnleg gjennom ein presentasjon på eksamensdagen, blir vurdert saman med etterfølgande oppfølgingsspørsmål og fagsamtale.

Eksamenstida er inntil 30 minutt. På eksamensdagen kan du ta med notat frå førebuingsdagen og ulike hjelpemiddel som er relevante for å gjennomføre ein eventuell presentasjon. Fagsamtalen føregår utan hjelpemiddel og tek i hovudsak utgangspunkt i kompetansemål knytte til ein case som er gitt i førebuingsdelen.

Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla, som er oppgitte i førebuingsdelen, og vurderingskriterium. Karakteren skal vere ei heilskapsvurdering av kompetansen slik han kjem fram på eksamen.

Kompetansemål

  • velge og bruke kilder, markedsførings- og ledelsesteorier og modeller i arbeid med faglige spørsmål, emner og dagsaktuelle problemstillinger

  • vurdere forhold som påvirker forbrukeratferd, og reflektere over psykologiske, sosiale og kulturelle faktorer

  • gjennomføre situasjonsanalyser som grunnlag for beslutninger

  • utforske ulike kommunikasjonsstrategier og vurdere hvordan virksomheter bruker markedskommunikasjon som konkurransemiddel

  • utforske og vurdere hvordan virksomheter kombinerer bruk av konkurransemidler

  • utforske og følge gjeldende regelverk for markedsføring og vurdere virksomhetens etiske ansvar

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 11.05.2026