Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Eksamenstrening

Oppgåve

Sleepers

Her er eit forslag til ein førebuingsdel de kan bruke som øving til ein eventuell munnleg eksamen i marknadsføring og leiing 1.

Case – Sleepers

Denne førebuingsdelen kan vere fin å bruke som om han skulle vore ein reell munnleg eksamen – så langt det let seg gjere. Sjå situasjonsbeskriving, retningslinjer for munnleg eksamen og kompetansemål nedanfor.

Situasjonsbeskriving

Sleepers er eit norsk merke som utviklar berekraftige flippfloppar laga av naturgummi. Idéen oppstod etter ein surfetur på Sri Lanka, der gründerane Frode Grønvold, Nina Granerød og Tor Marius Engen blei inspirerte til å skape eit meir miljøvennleg alternativ til tradisjonelle plastbaserte sandalar. Målet var å kombinere komfort og estetisk design med ansvarleg produksjon. I dag arbeider verksemda systematisk med berekraft i heile verdikjeda – frå råvareutvinning og produksjon til transport og emballasje – for å redusere miljøpåverknaden og sikre gode arbeidsforhold. Ta utgangspunkt i informasjon om produktet på Sleepers si nettside.

Retningslinjer for munnleg eksamen

Munnleg eksamen er todelt og består av

  • Førebuingstid: 24 timar

  • Eksamenstid: inntil 30 minutt

På førebuingsdagen møter du på skulen og trekker ein førebuingsdel. Det blir delt ut relevante kompetansemål frå læreplanen og vurderingskriterium saman med førebuingsdelen. Dette gir deg eit utgangspunkt til å førebu deg til munnleg eksamen, men du får ikkje få vite kva spørsmål som skal brukast under sjølve eksamen. På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne.

Du vel sjølv om du vil førebu ein presentasjon til eksamensdagen. Presentasjonen kan utgjere inntil 10 minutt av eksamenstida. Dersom du vel å innleie eksamen med ein presentasjon, skal ikkje eit eventuelt produkt som er laga i førebuingstida bli vurdert i seg sjølv. Kompetansen du viser munnleg gjennom ein presentasjon på eksamensdagen, blir vurdert saman med etterfølgande oppfølgingsspørsmål og fagsamtale.

Eksamenstida er inntil 30 minutt. På eksamensdagen kan du ta med notat frå førebuingsdagen og ulike hjelpemiddel som er relevante for å gjennomføre ein eventuell presentasjon. Fagsamtalen føregår utan hjelpemiddel og tek i hovudsak utgangspunkt i kompetansemål knytte til ein case som er gitt i førebuingsdelen.

Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla, som er oppgitte i førebuingsdelen, og vurderingskriterium. Karakteren skal vere ei heilskapsvurdering av kompetansen slik han kjem fram på eksamen.

Kompetansemål

  • velge og bruke kilder, markedsførings- og ledelsesteorier og modeller i arbeid med faglige spørsmål, emner og dagsaktuelle problemstillinger

  • gjennomføre situasjonsanalyser som grunnlag for beslutninger

  • utforske produkt- og merkevarestrategier og vurdere hvordan virksomheter bruker produkter som konkurransemiddel

  • utforske ulike kommunikasjonsstrategier og vurdere hvordan virksomheter bruker markedskommunikasjon som konkurransemiddel

  • utforske og vurdere hvordan virksomheter kombinerer bruk av konkurransemidler

  • reflektere over sammenhengen mellom markedsføring og bærekraftig utvikling ut fra sosiale, økonomiske og miljømessige forhold

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 26.03.2026