Marknadsføring og berekraftig verdiskaping - Marknadsføring og leiing 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Marknadsføring og berekraftig verdiskaping

Når vi planlegg og gjennomfører marknadsføring, er det viktig å skape verdi, både for kundar og for samfunnet samla sett. Ein viktig del av det å skape verdi er vektlegging av berekraftig verdiskaping.

Marknadsføring omfattar alle dei aktivitetane som bidreg til å skape, formidle og levere varer, tenester og idear som har verdi for kundar og samfunnet samla sett.

Ein viktig del av marknadsføring handlar om å forstå og dekkje behov, og å skape verdi for kundar og samfunnet samla sett. Marknadsføring kan vere aktivitetar som fører til kjøp, men marknadsføring kan òg innebere å formidle og "selje" bestemde verdisyn og haldningar.

Vi kan seie at god marknadsføring bidreg til å utvikle og forbetre produkt som folk treng, for produktutvikling er òg ein del av marknadsføring. God marknadsføring bidreg dessutan til berekraftig verdiskaping, sidan det å utvikle betre og meir berekraftige produkt er ein viktig del av marknadsføring. I tillegg skal god marknadsføring sørgje for god informasjon, slik at forbrukarar kan ta gode forbruksavgjerder.

I marknadsføring er det viktig å vurdere etiske og ansvarlege val for verksemder, med tanke på sosiale, økonomiske og miljømessige forhold.

Tenk over

Kan du nemne tre verksemder som du meiner lykkast med å skape verdi for kundar og samfunnet samla sett?

Eit døme på ei verksemd som fokuserer på berekraftig verdiskaping, er Vippa mathall i Oslo, som er eit mat-, kultur- og læringssenter. I videoen nedanfor fortel Kaja Skovborg-Hansen om korleis Vippa vektlegg berekraftig verdiskaping.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0
Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2021