Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Byt til ein sirkulær forretningsmodell!

Omstilling frå lineær til sirkulær økonomi er viktig for at vi skal kunne nå berekraftsmåla til FN. I tillegg kan det ha positiv effekt på omdømmet og innteninga til ei verksemd å omstille seg til sirkulær økonomi. Men korleis kan ei verksemda gjere det?

Oppgåve

Jobb i par eller åleine.

  • Finn ei verksemd du eller de liker. Bruk modellen for sirkulær økonomi – og fantasien – til å lage forslag til korleis denne verksemda kan gå over til ein sirkulær forretningsmodell.
  • Lag ei lita bok, gjerne i PowerPoint, som viser korleis verksemda kan gjere dette, og kva fordeler det vil ha for

    • miljøet
    • menneska
    • økonomien
  • Pynt opp sidene i boka med relevante bilete og tekst.
  • Presenter boka for kvarandre, og gi kvarandre tilbakemeldingar. Gjer eventuelle endringar ut frå tilbakemeldingane.
  • Send gjerne dei ferdige bøkene til verksemda det gjeld.
  • Saml dei ferdige bøkene i eit felles bibliotek (felles mappe).
Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 16.01.2026