Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Podkast
Interaktivt innhald

Situasjonsanalyse

Før vi går i gang med å planlegge marknadsaktivitetar, er det lurt å gjennomføre ein situasjonsanalyse, som er ei kartlegging av arbeidsvilkåra til verksemda.

Kva er ein situasjonsanalyse?

Ein situasjonsanalyse er ei kartlegging av arbeidsvilkåra til ei verksemd.

For å kunne planlegge og ta avgjerder er det nyttig for ei verksemd å gjennomføre ein slik analyse. Det er viktig å kartlegge forhold i og utanfor verksemda. Ein situasjonsanalyse kartlegg kva som er verksemda sine sterke og svake sider, og kva for moglegheiter og truslar som ho må ta omsyn til.

Vilkåra ei verksemd arbeider under, er i stadig endring. Situasjonsanalysar må derfor gjerast jamleg for at ein skal kunne planlegge og ta avgjerder ut frå så oppdatert og korrekt informasjon som mogleg.

Analyse av arbeidsvilkår

Arbeidsvilkår er dei vilkåra ei verksemd arbeider under, og som kan påverke verksemda. I ein situasjonsanalyse vurderer og analyserer vi interne og eksterne arbeidsvilkår. Dei interne arbeidsvilkåra er innanfor kontrollen for verksemda, mens dei eksterne er utanfor. Døme på interne arbeidsvilkår kan vere organisasjonskultur, leiing, kompetansen til dei tilsette, produktutvikling og bruken av teknologi. Eksterne arbeidsvilkår kan til dømes vere økonomiske trendar, politikk, konkurransesituasjon og teknologisk utvikling.

SWOT-analyse

Situasjonsanalysen set vi ofte opp i ein SWOT-analyse, som er ein metode for å kartlegge ei verksemd sine styrkar, svakheiter, moglegheiter og truslar. Kartlegginga er nyttig for å gjere prioriteringar, utvikle tiltak og tilrådingar for å utnytte styrkar og moglegheiter, og dessutan redusere svakheiter og tilpasse seg truslane på best mogleg. Sidan arbeidsvilkår er i stadig endring, er det viktig å gjennomføre jamlege oppdateringar av SWOT-analysen.

Vi må hugse at SWOT-analysen er eit forenkla augneblinksbilete. I tillegg kan det vere ei utfordring at ho er subjektiv. Det er ikkje gitt at det som verksemda sjølv reknar som ein styrke, blir oppfatta slik av andre.

Øyafestivalen som døme

Øyafestivalen er ein årleg musikkfestival som blir arrangert i august i Tøyenparken i Oslo. Øyafestivalen har blitt ein av Noregs største musikkfestivalar.

Nedanfor kan du lytte til ein podkastepisode der Birgitte Mandelid, marknads- og programsjef i Øyafestivalen, gir nokre døme på kva som inngår i situasjonsanalysen deira. Lytt og reflekter rundt kva Birgitte meiner er dei svake og sterke sidene deira, og kva for moglegheiter og truslar som finst i bransjen.

Marknadsføring og leiing

Situasjonsanalyse – Øyafestivalen

Programleiar Knut Skeie Solberg i samtale med marknads- og programsjef i Øyafestivalen om situasjonsanalyse.

0:00
-0:00
Podkast: Moderne Media / CC BY-SA 4.0

Sterke og svake sider

Verksemda sine sterke og svake sider kartlegg vi ved å vurdere dei interne arbeidsvilkåra. Vi undersøker kva for interne arbeidsvilkår som utgjer ein styrke for verksemda, og kva for nokon av dei som kan vere svakheiter.

Hugsar du kva som var Øyafestivalens styrkar?

  • sterk merkevare i det norske festivallandskapet

  • oppteken av berekraftige løysingar

  • mangfaldig program av artistar

  • ein festival som er godt kjend

  • lojalt publikum

  • tilsette med lang erfaring

Hugsar du kva som var Øyafestivalens svakheiter?

  • vakse publikum samanlikna med fleire andre aktørar i det norske festivallandskapet

  • liten organisasjon med 11 heiltidstilsette (i 2024)

  • kan vere problematisk med kunnskapsoverføring til nytilsette

Moglegheiter og truslar

Mogelegheitene og truslane for verksemda kartlegg vi ved å vurdere dei eksterne arbeidsvilkåra. Vi undersøker kva for eksterne arbeidsvilkår som utgjer ei moglegheit for verksemda, og kva for nokon av dei som kan vere truslar.

Hugsar du kva som var Øyafestivalen sine moglegheiter?

  • godt og varmt ver med mykje sol

  • å utnytte trendar hos den oppveksande generasjonen

  • at store, kjende og internasjonale artistar kan ønske å delta på festivalen

Hugsar du kva som var Øyafestivalen sine truslar?

  • dårleg, vått og kaldt ver med mykje vind

  • ting som eventuelt skjer i samfunnet rundt oss

  • innskrenkingar i leigeavtalar

  • vilkår med styresmaktene

  • nye eller eksisterande konkurrentar som kan tilby noko nytt og unikt

  • at artistar kan trekke seg / bli forhindra frå å delta

Situasjonsanalysen og marknadsplanen

Nedanfor er ei oversikt over korleis situasjonsanalysen heng saman med marknadsplanen, og korleis marknadsplanen igjen kviler på det overordna målet, visjonen og forretningsidéen til bedrifta.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 28.11.2025