Oppgåve
Marknadsmål for ein mobiloperatør
Det er viktig for ei bedrift å setje seg mål, for det viser retninga bedrifta skal gå i. Klare mål viser òg dei tilsette kva dei skal arbeide for, og det hjelper dei til å gjere ein betre jobb.

Kva er det viktigaste ved val av mobiloperatør?
Oppgåve
Her skal du formulere nokre marknadsmål for ei oppdikta bedrift som tilbyr mobiltenester. Bruk fantasien, og lag eigne føresetnader.
Inntektsmål
- Finn tal for omsetning og overskot for leverandørar av mobiltenester i Noreg. Deretter set du eigne marknadsmål for kor stor omsetninga til bedrifta di skal vere, og kor stort overskot du vil ha.
- Grunngi målet ditt.
Marknadsdel
Her dreier det seg om å slåst om dei kundane som allereie bruker mobiltelefon.
- Kor stor del av marknaden skal du ta? Skal du bli ein gigant som Telenor, eller nøyer du deg med å vere ein liten utfordrar som OneCall?
- Finn fram til tal for marknadsdelar i marknaden i dag, og formuler di eiga målsetjing.
- Grunngi målet ditt.
Nye kundar
Du kan òg setje deg mål for kor fort du ønskjer at marknaden din skal vekse. Her gjeld det å få endå fleire til å byrje å bruke mobiltelefon – altså skaffe nye kundar som ikkje bruker mobil i dag.
- Kor mange nye kundar trur du det er realistisk å kunne få? Kven er det som ikkje har mobil i dag?
- Grunngi målet ditt.
Kundetilfredsheit
Tilfredse kundar er lojale kundar.
- Søk deg fram til informasjon om kundetilfredsheita hos dei eksisterande leverandørane av mobiltenester.
- Kor fornøgde skal kundane dine vere? Kor viktig er det for deg at dei faktisk er fornøgde? Og kor fornøgde er kundane med konkurrentane – kanskje kan du bli betre enn dei?
- Grunngi målet ditt.
Kundelojalitet
Det er dyrt å skaffe seg nye kundar, og det kan derfor vere lønsamt å ha kundar som er lojale.
- Kor lojale kundar ønskjer du?
- Er det viktig for deg at ein kunde som har handla hos deg, kjem tilbake til deg neste gong, eller er det greitt at han går til konkurrenten?
- Grunngi svaret ditt.