Oppgåve
Observer salsarbeidet i butikkar
Korleis utfører seljarar i ulike butikkar salsrolla? Oppsøk butikkar og observer seljarar. Kva er dei beste tipsa for å bli ein god seljar? Har du praksis i ein butikk, kan oppgåva òg gjerast der.

Kva kjenneteiknar ein god seljar i ein brillebutikk?
Oppgåve
Gå gjerne saman to og to.
- Oppsøk nokre lokale butikkar der de kan intervjue nokre seljarar.
- Presenter dykk, sei kva studieprogram de går på, og fortel om oppgåva de har fått.
Be seljarane kome med fem tips til korleis de skal bli gode seljarar.
Observer og noter korleis seljarane i butikken:
tek kontakt med kunden
stiller spørsmål for å avdekkje behov
argumenterer for aktuelle produkt og handterer eventuelle innvendingar
avsluttar salet
- Oppsummer i klassa, og skriv ned alle tipsa de har fått, på tavla. Kva tips går att? Har de fått ulike tips frå seljarar i ulike bransjar? Diskuter.