Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Lag eit salskurs!

Ein dyktig seljar er ein av dei viktigaste ressursane i bedrifta. Men korleis blir vi ein god seljar?

Oppgåve

De skal utarbeide eit salskurs som legg vekt på salsamtalen og meir­salg.

  1. Gå saman i grupper på tre. Lag ein introduksjonvideo om salssamtalen og kva ein seljar skal leggje vekt på i dei ulike fasane av salgssamtalen.

  2. Lag eit godt manuskript til dei tre ulike salssituasjonene, og film rollespelet der alle fasane i salgssamtalen vises. De byter på å vere kunde, seljar og den som filmar. Filmen skal oppsummere dei viktigaste punkta frå kvar fase etter kvar salssituasjon.

  3. Set A og B saman til ein samanhengande film som kan brukast i opplæringa av nye og gamle tilsette.

  4. Vis filmen til resten av klassa.

  5. Diskuter kva for ei av dei andre gruppene som laga den beste filmen, og grunngi kvifor. Kår ein vinnar i klassa.

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 29.01.2026