Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Observer salsarbeidet i butikkar

Korleis utfører seljarar i ulike butikkar salsrolla? Oppsøk butikkar og observer seljarar. Kva er dei beste tipsa for å bli ein god seljar? Har du praksis i ein butikk, kan oppgåva òg gjerast der.

Oppgåve

Gå gjerne saman to og to.

  1. Oppsøk nokre lokale butikkar der de kan intervjue nokre seljarar.
  2. Presenter dykk, sei kva studieprogram de går på, og fortel om oppgåva de har fått.
  3. Be seljarane kome med fem tips til korleis de skal bli gode seljarar.

  4. Observer og noter korleis seljarane i butikken:

    1. tek kontakt med kunden

    2. stiller spørsmål for å avdekkje behov

    3. argumenterer for aktuelle produkt og handterer eventuelle innvendingar

    4. avsluttar salet

  5. Oppsummer i klassa, og skriv ned alle tipsa de har fått, på tavla. Kva tips går att? Har de fått ulike tips frå seljarar i ulike bransjar? Diskuter.
Alternativt kan oppgåva gjerast som mystery shopper.

Oppgåva til ein mystery shopper er å «leike kunde». Vel ulike butikkar der de går inn som mystery shoppers og undersøker korleis seljaren:

  • tek kontakt

  • stiller spørsmål for å avdekkje behov

  • argumenterer for aktuelle produkt og handterer eventuelle innvendingar

  • avsluttar salet

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 05.11.2025