Kva er ein god seljar?
Årets unge selger
For å kunne bli nominert til prisen «Årets unge selger» må du vere under 38 år, du må ikkje vere leiar, og du må jobbe i ei bedrift i bergensregionen.
I desse tre presentasjonsvideoane fortel finalistane frå 2019 om kva som kjenneteiknar dei som seljarar, og kva dei trur skil dei frå andre dyktige seljarar.
Sjå først filmen nedanfor (lengde 01:41) med Renate Haukeland frå Schibsted, som vann «Årets unge seljarførebilete» i 2019, slik kåringa heitte då.
Nedanfor kan du sjå presentasjonsfilmen til Øyvind Lien frå Fjord Line (lengde 02:01).
Nedanfor ser du presentasjonsfilmen til Erik Semb frå Jæger (lengde 01:44).
Diskuter og finn ut
Kvifor trur de at akkurat desse blei nominerte til prisen årets unge selgerforbilde i 2019?
Kven har vunne prisen dei siste åra?
Kva har vore juryen si grunngjeving for dei som har vunne?