Oppgåve
Video
Å selje sykkel – salssamtalen
Filmane nedanfor viser korleis ein salssamtale kan føregå, og korleis seljaren prøver å avdekkje behov hos kunden for å finne det produktet som passar kunden best.
Oppgåve
- Sjå filmane nedanfor, og tenk på det du har lært om salssamtalen.
- Gå saman to og to, og analyser salssamtalen i filmen. Skriv ned det de synast er bra, og det de synast er mindre bra. Kom med forslag til kva som kunne vore gjort annleis.
- Diskuter punkta dykkar i klassa. Er de samde?
Filmen Salgssamtalen (lengde 03:45)
Video: Høgskolen i Bergen / CC BY-NC-SA 4.0
Filmen Den kunnskapsrike selgeren (lengde 05:19)
Video: Mediesenteret, Høgskolen i Bergen / CC BY-SA 4.0