Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Utprøving av høgtrykk og djuptrykk

Du kan bruke same plate til både høgtrykk og djuptrykk. I denne øvinga kan du lære deg forskjellen på høgtrykk og djuptrykk gjennom å prøve ut teknikkane sjølv. Erfaringane kjem godt med i det vidare arbeidet ditt med trykk.

Lag ei lita testplate

Lag ei plate med eit enkelt motiv som du kan bruke til å prøve teknikkane.

Motivet på biletet over er rissa inn med ein spikar. Etterpå er trykksverta påført i fleire tynne lag med ein valse. Ingenting av trykksverta har komme ned i sporet som utgjer teikninga, så streken er klar og rein.

Utstyr for å lage høg- og djuptrykk med kartong

  • reingjord plate av kartong

  • noko å teikne opp motivet med (blyant, blåpapir eller tusj, avhengig av plateoverflata)

  • noko skarpt til å risse med

  • trykkpapir som er fuktig, men ikkje vått

  • hanskar

  • trykksverte

  • valse

  • glasplate eller liknande for å jamne ut trykksverte på valsen

  • trykkpresse

  • avispapir eller ark som kan verne arbeidsflata når du påfører trykksverte på plata

  • tørkepapir

  • for djuptrykk: litt avispapir for å stryke av overskot av trykksverte

Lag eit bilete med høgtrykksteknikk

Teikn opp motivet på plata med ein blyant, ein tusj eller ved å bruke blåpapir. Eit motiv som er stilisert og utan for mange detaljar, er lettast å få til for nybyrjarar.

Utan å kutte heilt gjennom kartongen kan du skjere ut motivet og pirke av det øvste laget av kartongen der. Alternativt kan du teikne motivet som fordjupingar i plata med noko spist. Det kan vere ei rissenål, ein strikkepinne, eller du kan teikne over motivet med ein gammal, tørr kulepenn.

Når den flate valsen med trykksverta blir rulla over plata, er det berre dei høgaste partia som blir dekte med trykksverte.

Målet er å få jamn farge på dei delane som er høgt oppe, og samtidig ikkje få noko av trykksverta ned i fordjupingane. Det er ikkje alltid like lett å få det til dei første gongene, men fleire og tynne lag med rullen er løyndommen for å lykkast. Rull over plata i ulike retningar.

Legg plata på trykkpressa med motivet opp, deretter legg du på det fuktige papiret. Til slutt legg du over filtduken, og så kan du sveive i gang trykkpressa.

Trykkpressa trykker plata hardt saman med papiret. Trykksverta går over på papiret, og dei fordjupingane som utgjer motivet, beheld den fargen trykkpapiret har.

Lag eit bilete med djuptrykkteknikk

Med djuptrykkteknikk blir den trykksverta som ligg i djupna av trykkplata, trykt, og det er derfor teknikken blir kalla djuptrykk.

Det skarpe verktøyet du vel å bruke til å risse med, lagar furer i overflata på plata.

Trykksverta smør du på heile plata, og ho skal bli liggande meir konsentrert nede i furene. Ein del av trykksverta tørkar du så av plata, men forsiktig slik at fargen som ligg nede i furene, ikkje blir tørka bort.

Når plata er tørka av tilstrekkeleg, kan du trykke biletet. Legg plata på trykkpressa med motivet opp, deretter legg du på papiret. Til slutt legg du over filtduken.

Trykkpressa trykker plata hardt saman med papiret. Sidan papiret er litt tjukt og er fuktig, hentar det opp trykksverta sjølv om ho ligg djupt nede i furene.

Andre teknikkar du kan eksperimentere med

Detaljar med fargar

Ein tradisjonell teknikk for å legge farge på nokre flater av eit trykt bilete kallar vi chine collé. Dette namnet viser til det tynne papiret frå Kina som blir limt på delar av biletet. Du kan bruke silkepapir eller andre typar farga papir.

Du kan òg eksperimentere med å fargelegge delar av det trykte biletet med akvarellmåling, fargeblyantar, tusj eller krit.

Klistremerke på glatt kartong

Biletet under viser eit eksperiment. Ved å klippe ut former frå eit klistremerkeark og lime desse på ei glatt plate av kartong blir dette ei plate du kan trykke med.

Nokre stader er det rissa tekstur inn i bitane og i plata.

Trykksverta er rulla på med ein valse. Dette gjer at klistremerka, som er litt høgare opp enn sjølve plata, får på seg trykksverte, og det blir kvite kantar rundt forma.

Trykkplate med tekstur

Du kan eksperimentere og lage trykkplater av nesten kva som helst. Du kan til dømes bruke restar frå andre prosjekt og lime desse på ei plate av kartong. Rull trykksverte over med ein valse og sjå korleis resultatet blir. Pass på at limet har fått tørke skikkeleg før du påfører trykksverte.

Relatert innhald

Grafiske teknikkar

Her blir de kjende med ulike grafiske teknikkar og får vere med inn i atelieret til nokre kunstnarar og sjå korleis dei jobbar med dei.

Biletserie om trykketeknikk

Lag trykkplater av mjølke- eller juskartongar. Oppgåva handlar om å lage trykk som visualiserer ei forvandling, ein metamorfose.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 28.04.2026