Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Trykkplater av kartong

Du kan lage trykkplater av avfall som til dømes ein tom mjølkekartong. I denne artikkelen lærer du korleis du kan gjenbruke kartong for å trykke bilete med ulike teknikkar.

Å trykke bilete med kartong

Trykketeknikk gjer det mogleg å trykke same motiv fleire gonger. Likevel blir kvart enkelt trykk litt eller heilt ulikt dei andre. Du kan velje andre trykkfargar og teknikkar for kvar gong du trykker motivet. Fordi kvart trykk er unikt, kallar kunstnarar slike trykk for kunstgrafikk eller originalgrafikk. Og det kan bli kunst sjølv om du gjenbruker materiale som mange reknar som søppel.

Du skal bruke den sida av kartongen som er utan trykk frå produsenten, altså det som var innsida av mjølke- eller juskartongen.

To hovudteknikkar

Det er to hovudteknikkar som passar til eit prosjekt der du skal lage trykkplater av gjenbrukskartong. I begge teknikkane skal du lage motivet som spor i plata og bruke trykksverte. Kvar gong du skal bruke plata til å trykke eit nytt bilete, påfører du eit nytt lag med trykksverte.

Forskjellen på dei to hovudteknikkane er om trykksverta ligg på flatene høgt oppe, eller om ho ligg djupt nede i dei spora du lagar i plata.

Høgtrykk

Ved høgtrykk bruker du ein valse for å rulle på tynne lag med trykksverte. Valsen er flat og rullar tvers over fordjupingar i plata.

Djuptrykk

Når du skal lage eit djuptrykkbilete, breier du trykksverte over heile plata og arbeider henne godt ned i dei fordjupingane du har laga. I neste steg tørkar du overflødig trykksverte av plata, men passar på at det er nok trykksverte i fordjupingane som utgjer motivet.

Nokre generelle prinsipp

Motivet blir spegelvendt

Når du trykker eit motiv, blir det alltid ein spegelvend versjon av det som er på den plata du har rissa motivet inn i. Dette må du tenke på når du planlegg komposisjonen din.

Fuktig papir

Papiret som blir brukt til denne typen trykk, skal vere fuktig, men ikkje vått. Fukta gjer papiret mjukare og meir fleksibelt slik at det lettare får kontakt med trykkplata.

Gjer klar arka du skal trykke på i god tid på førehand. Gjerne dagen før du skal trykke. Det gir tid til at fukta trenger godt inn i papiret. Kvart ark kan fuktast lett, stablast i ein bunke og leggast i ein plastpose.

Tekstur i papiret

Sjå nøye på i papiret. Det har som regel ei framside og ei bakside. På baksida kan du sjå eit fint rutemønster etter nettet papiret låg på då det blei produsert. Framsida har glattare tekstur. Det finst mange typar papir, så denne forskjellen gjeld kanskje ikkje det papiret du har valt.

Korleis motivet blir overført til papiret

Trykkplata skal ligge på plata på trykkpressa med motivet opp. Det fuktige papiret plasserer du så oppå trykkplata. Legg gjerne eit stykke avispapir over papiret for ekstra vern. Legg ein filtduk over desse igjen som eit lag mellom trykkplata og papiret.

Med ei sveiv set du sylinderen og plata på trykkpressa i rørsle. Papiret og trykkplata blir klemd hardt saman under sylinderen slik at trykksverta blir henta opp av papiret. Så kan du løfte av filtduken og sjekke resultatet.

Alternativ til ei profesjonell trykkpresse

Nokre bruker ei pastamaskin til å trykke bilete. Det fungerer for bilete som har postkortstorleik sidan pastamaskina ikkje er så brei.

Du kan òg bruke ei gammal klesrulle. Den kan du bruke for å trykke større bilete.

Skitten og rein sone

Trykksverte smittar lett over til hender, utstyr og andre stader du ikkje vil skitne til. Derfor må du lage ei sone der du jobbar med trykksverte, og ei sone som du held heilt rein for trykksverte.

I "skitten sone" bør du verne arbeidsbordet, bruke hanskar og eventuelt forkle.

Når du skal til "rein sone" for å trykke biletet, har du teke av hanskane og har reine hender. No skal du handtere dei nye, fine og reine arka du skal trykke kunsten din på. Eit bilete blir øydelagt om du får flekker av trykksverte og fingermerke på det.

Biletet må tørke

Trykksverta må tørke før biletet ditt er ferdig og klart til å bli ramma inn. Vanlegvis er eit døgn i romtemperatur nok til at trykksverta blir tørr.

Film om trykkeprosessen

Vi får bli med Solveig Bull Karlsen gjennom trykkeprosessen i filmen under (lengde 4:46).

Video: Solveig Bull Karlsen / CC BY-ND 4.0

Utstyr for å lage høg- og djuptrykk med kartong

  • reingjord plate av kartong

  • noko å teikne opp motivet med (blyant, blåpapir eller tusj, avhengig av plateoverflata)

  • noko skarpt til å risse med

  • trykkpapir som er fuktig, men ikkje vått

  • hanskar

  • trykksverte

  • valse

  • glasplate eller liknande for å jamne ut trykksverte på valsen

  • trykkpresse

  • avispapir eller ark som kan verne arbeidsflata når du påfører trykksverte på plata

  • tørkepapir

  • for djuptrykk: litt avispapir for å stryke av overskot av trykksverte

Lag eit bilete med høgtrykksteknikk

Teikn opp motivet på plata med ein blyant, ein tusj eller ved å bruke blåpapir. Eit motiv som er stilisert og utan for mange detaljar, er lettast å få til for nybyrjarar.

Utan å kutte heilt gjennom kartongen kan du skjere ut motivet og pirke av det øvste laget av kartongen der. Alternativt kan du teikne motivet som fordjupingar i plata med noko spist. Det kan vere ei rissenål, ein strikkepinne, eller du kan teikne over motivet med ein gammal, tørr kulepenn. Motivet på biletet over er rissa inn med ein spikar.

Når den flate valsen med trykksverta blir rulla over plata, er det berre dei høgaste partia som blir dekte med trykksverte.

Målet er å få jamn farge på dei delane som er høgt oppe, og samtidig ikkje få noko av trykksverta ned i fordjupingane. Det er ikkje alltid like lett å få det til dei første gongene, men fleire og tynne lag med rullen er løyndommen for å lykkast. Rull over plata i ulike retningar.

Legg plata på trykkpressa med motivet opp, deretter legg du på det fuktige papiret. Til slutt legg du over filtduken, og så kan du sveive i gang trykkpressa.

Trykkpressa trykker plata hardt saman med papiret. Trykksverta går over på papiret, og dei fordjupingane som utgjer motivet, beheld den fargen trykkpapiret har.

Lag eit bilete med djuptrykkteknikk

Med djuptrykkteknikk blir den trykksverta som ligg i djupna av trykkplata, trykt, og det er derfor teknikken blir kalla djuptrykk.

Det skarpe verktøyet du vel å bruke til å risse med, lagar furer i overflata på plata.

Trykksverta smør du på heile plata, og ho skal bli liggande meir konsentrert nede i furene. Ein del av trykksverta tørkar du så av plata, men forsiktig slik at fargen som ligg nede i furene, ikkje blir tørka bort.

Når plata er tørka av tilstrekkeleg, kan du trykke biletet. Legg plata på trykkpressa med motivet opp, deretter legg du på papiret. Til slutt legg du over filtduken.

Trykkpressa trykker plata hardt saman med papiret. Sidan papiret er litt tjukt og er fuktig, hentar det opp trykksverta sjølv om ho ligg djupt nede i furene.

Andre teknikkar du kan eksperimentere med

Detaljar med fargar

Ein tradisjonell teknikk for å legge farge på nokre flater av eit trykt bilete kallar vi chine collé. Dette namnet viser til det tynne papiret frå Kina som blir limt på delar av biletet. Du kan bruke silkepapir eller andre typar farga papir.

Du kan òg eksperimentere med å fargelegge delar av det trykte biletet med akvarellmåling, fargeblyantar, tusj eller krit.

Klistremerke på glatt kartong

Biletet under viser eit eksperiment. Ved å klippe ut former frå eit klistremerkeark og lime desse på ei glatt plate av kartong blir dette ei plate du kan trykke med.

Nokre stader er det rissa tekstur inn i bitane og i plata.

Trykksverta er rulla på med ein valse. Dette gjer at klistremerka, som er litt høgare opp enn sjølve plata, får på seg trykksverte, og det blir kvite kantar rundt forma.

Trykkplate med tekstur

Du kan eksperimentere og lage trykkplater av nesten kva som helst. Du kan til dømes bruke restar frå andre prosjekt og lime desse på ei plate av kartong. Rull trykksverte over med ein valse og sjå korleis resultatet blir. Pass på at limet har fått tørke skikkeleg før du påfører trykksverte.

Relatert innhald

Grafiske teknikkar

Her blir de kjende med ulike grafiske teknikkar og får vere med inn i atelieret til nokre kunstnarar og sjå korleis dei jobbar med dei.

Biletserie om trykketeknikk

Lag trykkplater av mjølke- eller juskartongar. Oppgåva handlar om å lage trykk som visualiserer ei forvandling, ein metamorfose.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 28.04.2026