Tekstilkunst
Tekstilkunst frå mellomalderen
Baldisholteppet (1040–1190)
Baldisholteppet er eit vove biletteppe frå mellomalderen i Norden. I filmen under (lengde 5:52) frå Nasjonalmuseet får du høyre korleis teppet blei funne på Baldishol gard og flytta til Nasjonalmuseet.
Bayeuxteppet (1066–1077)
Biletteppe kunne brukast til å fortelje om historiske hendingar. Bayeuxteppet skildrar slaget ved Hastings i 1066, då normannarkongen Vilhelm Erobraren invaderte England og slo den engelske hæren.
Teppet er laga av linstoff og brodert med ullgarn. Det er over 70 meter langt og ein halv meter breitt. Komposisjonen er systematisk bygd opp. I hovudfeltet ser vi historia som blir fortald. Over dette feltet blir hendingane beskrivne med tekst på latin.

Vidareutvikling av biletvev i Noreg
Frida Hansen (1855–1931)
Frida Hansen vidareutvikla den norske vevetradisjonen på slutten av 1800-talet. Ho er kjend for å ha utvikla "transparentteknikken", der ho veksla mellom tette og gjennomskinnelege parti i veven. Dette gjorde at lys kunne sleppe gjennom veven.

Frida Hansen skapte dekorativ kunst og blei ein viktig del av kunstrørsla art nouveau. Motiva henta ho frå natur og historie, ofte med sterke kvinnefigurar. Ho blei ein av dei første norske kvinnelege kunstnarane som fekk stor internasjonal anerkjenning.

Gerhard Munthe (1849–1929)
Gerhard Munthe var ein norsk målar og dekorativ kunstnar som var interessert i eldre norsk tekstilkunst, spesielt i åkle og biletvev. Han laga fleire dekorative kartongar til biletteppe. Dei første teppa var det kona hans, Sigrun Munthe, som vevde, men seinare fekk han andre til å produsere dei. Gerhard Munthe fekk gullmedalje på verdsutstillinga i Paris i år 1900 for biletvevar som Nordenfjeldske Kunstindustrimuseums Vævskole hadde laga for han.
Munthe henta inspirasjon mellom anna frå norsk folkedikting. Biletteppet under kombinerer element frå fleire segner og eventyr. Motivet viser tre prinsar som er forvandla til isbjørnar, og som vil fri til Nordlysdøtrene.

Hannah Ryggen (1894–1970)
Hannah Ryggen var nyskapande og uredd i arbeidet sitt med biletvev på 1900-talet. Ho skapte sterke motiv med politisk innhald. Ho kunne ta opp maktmisbruk, overgrep og enkeltmenneskes lagnader, men òg beskrive naturopplevingar og kvardagslege tema. I filmen under (lengde 2:05) får vi sjå nokre av verka hennar som er utstilte på Nasjonalmuseet.
Synnøve Anker Aurdal (1908–2000)
Synnøve Anker Aurdal kombinerte eldre handverkstradisjonar med det moderne uttrykket i biletkunsten. I filmen om verket Sju samuraier (lengde 1:19) frå Astrup Fearnley Museet får vi sjå korleis ho kunne veve i nye former.
Aurdal eksperimenterte med ulike materiale og teknikkar, og verka hennar inneheld ofte abstrakte former. Eit døme på dette møter du i filmen om Brennende hjerte (lengde 1:12).
Ho blei inspirert av lyrikk og kunne veve inn skriftlege element. Det får du sjå i filmen om Kinesisk visdom (lengde 1:12).
Tekstilkunstnarar organiserer seg
Tekstile uttrykksformer er ein viktig del av samtidskunsten. I 1977 blei Norske tekstilkunstnere (NTK) oppretta. Organisasjonen arbeider for å fremme tekstilkunst og styrke vilkåra til kunstnarane.
Performance av Gunvor Nervold Antonsen
Tekstilkunstnarar har måtta jobbe for å få anerkjenning. Dette kjem fram i Gunvor Nervold Antonsens performance som ho framførte på opninga av jubileumsutstillinga til NTK i 2017. Du kan sjå ein litt forkorta versjon av performancen Ode til ein vaskeklut, hymne til ein tiger i filmen under (lengde 25:33). Her får vi sjå mangfaldet i tekstile uttrykk.
Teksten i performancen er tilgjengeleg i sin heilskap på nettsidene til Gunvor Nervold Antonsen. Her finn de òg meir informasjon om kjeldene ho har brukt i verket.
Relatert innhald
Innføring i art nouveau. Døme på kunstuttrykk frå denne perioden, kjenneteikn og symbolbruk.
Nettside hos afmuseet.no