Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video
Podkast

Tekstil samtidskunst

Korleis kan vi bruke tekstil og tradisjonelle teknikkar til å seie noko om vår eiga tid? Her skal du møte nokre utvalde samtidskunstnarar som uttrykker seg gjennom stoff, trådar og garn. La deg inspirere av korleis dei vidareutviklar teknikkane og skaper personlege uttrykk.

John K. Raustein (f. 1972)

John K. Raustein har utdanning frå Kunsthøgskolen i Bergen og Kunstakademiet i København. Han lagar kunstverk ved å sy saman stoffbitar.

Film: Laget for hånd – John Raustein

I filmen under (lengde 2:28) fortel Raustein om prosessen sin, og om korleis han hentar inspirasjon frå minne.

Reflekter og diskuter

Raustein beskriv at det krev uthald å vere i ein skapande prosess. Korleis opplever de dette i dykkar eigne arbeidsprosessar?

Britta Marakatt-Labba (f. 1951)

Britta Margareta Marakatt-Labba er ein svensk-samisk tekstilkunstnar, målar og grafikar. Ho er ein av Sápmis mest internasjonalt kjende kunstnarar.

Film: Britta Marakatt-Labba – Sylkvasse sting

I filmen under (lengde 9:01) møter vi Marakatt-Labba i samband med utstillinga Sylkvasse sting i Nasjonalmuseet (2024). Utstillinga er tilgjengeleg i 3D-visning på Nasjonalmuseets nettsider.

Reflekter og diskuter

  • Korleis tek Britta Marakatt-Labba natur og samisk identitet med inn i kunsten sin?

  • Korleis bruker ho nål og tråd for å skape endring i samfunnet?

Åse Ljones (f. 1954)

Åse Ljones er ein norsk tekstilkunstnar som er utdanna ved Statens høgskole for kunsthåndverk og design. Ho skaper broderi, gjerne med eit grafisk uttrykk. I fleire verk har ho brukt firkanta former som utgangspunkt.

Marthe Minde (f. 1984)

Marthe Minde har doktorgrad i kunstnarisk utviklingsarbeid innan tekstilkunst. På nettsidene sine fortel ho korleis ho bruker materiale frå nærområdet og spinn sin eigen tråd. Ho skriv at ho blei inspirert av den vevteknikken Frida Hansen utvikla på slutten av 1800-talet. På same måte lar ho oss sjå gjennom trådane, men Minde har teke det eit steg vidare og laga tredimensjonale installasjonar.

Aurora Passero (f. 1984)

Aurora Passero har mastergrad i tekstilbasert kunst. Ho jobbar med voven og farga nylon og skaper installasjonar i grenselandet mellom skulptur og måleri. Verka hennar står i til rommet dei blir stilte ut i.

Lytt til podkasten

I podkastepisoden under får Aurora Passero spørsmål om kvifor ho har valt veveteknikk i kunstverka sine. Legg merke til korleis ho kombinerer kunnskap og erfaring frå studia sine med å utforske nye moglegheiter.

KDA-podden

Tekstil samtidskunst – Aurora Passero

Aurora Passero fortel korleis ho arbeider med tekstile materiale i kunsten sin. Ho bruker veveteknikk, fargar nylon og skaper store, monumentale installasjonar.

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Reflekter og diskuter

Korleis kan vi vidareutvikle kunsthandverk samtidig som vi tek vare på det?

Kjelder

Hansen, I. S. (2016). NN-A NN-A NN-A. Aurora Passaro. Stavanger Kunstmuseum. https://www.nna-stavanger.no/aurora-passero

Hå gamle prestegard. (2025). Samanføyningar. Tekstil samtidskunst [Utstillingskatalog].

Linder, M. (2024, 26. november). Åse Ljones. I Store norske leksikon https://snl.no/%C3%85se_Ljones

Melvær, M. (2024, 27. desember). Britta Marakatt-Labba. I Store norske leksikon. https://snl.no/Britta_Marakatt-Labba

Minde M. (u.å.). Trappene heime. Hentet 10. oktober 2025 fra https://martheminde.no/#/trappene-heime-1

Nasjonalmuseet. (2024). Britta Marakatt-Labba. Sylkvasse sting. https://www.nasjonalmuseet.no/utstillinger-og-arrangementer/nasjonalmuseet/utstillinger/2024/britta-marakatt-labba/

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 26.01.2026