Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Leielinjer som visuelt verkemiddel

Eit godt komponert bilete leier blikket til betraktaren inn i motivet. Leielinjer kan vere med på skape spenning eller ro, og du kan styre merksemda til den som ser på biletet ditt. Plasser elementa i biletet slik at leielinjene blir ein del av komposisjonen, utan å vere overtydelege.

Film om leielinjer

Filmen under (lengde 2:05) viser døme og gir deg forklaringar på korleis leielinjer kan brukast i komposisjonar.

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Biletdøme på leielinjer

Du bruker visuelle verkemiddel for å få kunstverket ditt slik du vil at andre skal oppleve det. Sjølvsagt er det ingen garanti for å lykkast med dette, men leielinjer kan hjelpe deg til å framheve det du synest er viktigast.

Øving

Sjå på bileta under og studer linjebruken.

  • Kva gjer linjene med opplevinga di av motivet?

  • Korleis bruker illustratøren linjene for å styre merksemda di?

Illustrasjon 1

Illustrasjon 2

Illustrasjon 3

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 20.06.2025