Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Analyse av eit måleri frå nyklassisismen

Vi skal sjå nærare på eit måleri Jacques-Louis David måla av Napoleon i 1801, og vise korleis vi kan vere systematiske når vi analyserer eit bilete. Kva element kan vi peike på, og kva betydning har dei for heilskapen?

Biletanalyse

Vi har brukt malen frå artikkelen "Analyse av visuelle kunstverk" som utgangspunkt for ein analyse av måleriet.

Presentasjon av verket

  • Tittel: Napoleon kryssar Alpane

  • Kunstnar: Jacques-Louis David

  • Periode: nyklassisisme, måla i 1801

  • Teknikk: olje på lerret

  • Storleik: cirka 2,4 x 2,3 meter

Kort beskriving av motivet

Måleriet er eit portrett i ståande format. Det viser Napoleon Bonaparte som rir i eit kaldt fjellandskap med uvêrsskyer i bakgrunnen. Han er kledd i uniform og har ei raud kappe. Hesten steglar mens ryttaren ser rett på betraktaren. Napoleon peiker opp og fram med høgre arm mens han held taumane i venstre hand. I mellomgrunnen ser vi soldatar som marsjerer gjennom fjellpasset.

Analyse

Komposisjon

Hesten og ryttaren er måla i froskeperspektiv. Det vil seie at betraktaren ser motivet nedanfrå og opp. Vi opplever dermed Napoleon som opphøgd, og dette kan gi inntrykk av makt.

Namnet som er rissa inn i steinen i forgrunnen, har retning mot ryttaren. Betraktaren får stadfesta at det er Napoleon Bonaparte som er avbilda. Dei små skikkelsane og fjellpasset i mellomgrunnen er med på å skape djupneverknad i verket.

Komposisjonen av hovudmotivet dannar ein trekant. Vi kan trekke linjer frå venstre forbein og høgre bakbein på hesten og opp til den peikande handa til Napoleon. Hesten som steglar, og kroppsspråket til Napoleon skaper ei kraftig rørsle. Kappen hans og halen og mana til hesten flagrar i vinden. Dette forsterkar rørsla i motivet.

Den enkle og reine komposisjonen med dei klare fargane tek opp igjen det målariske idealet frå antikken. Dette plasserer verket inn i nyklassisismen.

Teknikk

Oljemåling er ein teknikk som eignar seg til å skape mjuke overgangar. Kunstnaren har fått fram og gjengir detaljar på ein realistisk måte. Måten han målar lys og skuggar på, skaper djupne biletet.

Fargebruk

Dei grå skyene i bakgrunnen verkar trugande. I forgrunnen er det brukt sterke kontrastar mellom lyse og mørke fargar. Dette gir eit dramatisk inntrykk av verket. Den raude kappa blir eit blikkfang som leier merksemda vår mot Napoleon. I mellomgrunnen er det soldatar med blå uniformer. Blåfargen blir ein kontrast til jordfargane rundt dei og gjer at soldatane trer fram.

Symbolbruk

Raudt kan stå for lidenskap og kvitt for reinleik. Napoleon kledd i raud kappe på ein skinande kvit hest kan gi eit inntrykk av ein sterk leiar med eit brennande engasjement. Sett saman med naturfargene i mellomgrunnen kan det understreke kampen mot naturkreftene. Uniforma Napoleon har på seg, signaliserer makt og autoritet.

Referansar

Måleriet viser til heltane frå antikken og idéen om ein lagnadsbestemd leiar. Romerske keisarar og personar av militær rang blei gjerne portretterte i militære drakter. Armen til Napoleon, som peiker framover, minner om marmorstatuen av keisar Augustus. På denne måten koplar målaren Napoleon til stordommen frå den romerske antikken.

Tolking

Bodskap

Napoleon ønsker å verke sterk og uovervinneleg på slagmarka. Verket har ein politisk bodskap og kan sjåast på som tidleg propagandakunst.

Kontekst

I 1799 hadde Napoleon gjennomført statskupp og stoppa revolusjonen i Frankrike. Han var den mektigaste politikaren, men han var ikkje formelt konge eller keisar enno. Napoleon trong støtte og ville derfor stå fram som ein dyktig militær leiar.

Måleriet skildrar eit stort felttog i år 1800, der han leidde den franske hæren over Alpane. Dei skulle møte dei austerrikske styrkane på slagmarka i Italia. Etterpå var det viktigare å vise fram Napoleon som ein helt enn å få biletet historisk korrekt. Eigentleg skal han ha ride på eit muldyr, som var sikrare på foten i fjellet enn arabarhingsten hans ville vore.

49 år seinare måla Paul Delaroche ein annan versjon av same motiv.

Avslutning

I avslutninga bør vi samanfatte analysen av måleriet. David framstiller ei historisk hending, men gir ikkje ein realistisk versjon av henne. Napoleon bruker propaganda til eigen fordel gjennom å ha fått laga dette måleriet. Det viser ein uovervinneleg leiar som ville bli keisar av Frankrike.

Til slutt kan de komme med eigne vurderingar av måleriet og trekke linjer til vår eiga tid. Korleis bruker politiske leiarar medium i dag? Er det viktigare å verke vellykka enn å gi eit sannferdig bilete av situasjonen?

Kjelder

Greve, T. (2025, 12. februar). Napoleon 1. Bonaparte. I Store norske leksikon. https://snl.no/Napoleon_1._Bonaparte

Nistad, A. (2025, 25. september). Slaget ved Marengo. I Store norske leksikon. https://snl.no/Slaget_ved_Marengo

Steen, T. & Iddeng, J. W. (2025, 16. september). Augustus - første romerske keiser. I Store norske leksikon. https://snl.no/Augustus_-_f%C3%B8rste_romerske_keiser

Skrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 27.10.2025