Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video
Interaktivt innhald

Analyser eit måleri og bruk det som referanse

Bli kjend med kunstverk frå historia. I denne oppgåva skal de samarbeide om å sjå på heilskapen og detaljane i kjende måleri. Leik til slutt med idéar til korleis du kan bruke kjende verk som referansar i eige skapande arbeid.

Film frå Munch-museet

I filmen under(lengde 7:18) ser vi nærare på eit av Munchs måleri. Her får de nokre råd til korleis de kan utforske og tolke innhaldet.

Video: Leidar / CC BY-SA 4.0

Til læraren

Vi har gjort eit utval av måleri som elevane kan kjenne igjen frå fagartiklane om dei ulike periodane i kunst- og kulturhistorie.

Vi anbefaler at elevpara står fritt til å velje måleri i del 1. Då kan det vere lurt at læraren lagar ei oversikt over kva måleri elevane har valt, og set saman kva grupper som skal presentere for kvarandre i del 2.

Ein pilotskule har testa oppgåva. Dei brukte fire skuletimar på analyse og idéskisser og to skuletimar på å fullføre ei teikning. Då valde dei å bruke akvarellteknikk.

Del 1: Analyser eit måleri

I løpet av vg2 skal de bli kjende med sentrale kunstverk som er skapte frå 1600- til 1900-talet. Vi har valt ut måleri frå epokane de finn under emnet Kunst- og kulturhistorie på vg2.

Gå saman to og to, og bestem dykk for eit måleri de vil gå i djupna på.

Bruk hjelpearket under når de skal analysere måleriet de har valt.

I ressursen "Analyse av visuelle kunstverk" finn de nærare beskriving av dei ulike punkta.

Del 2: Presenter måleriet og analysen for kvarandre

  1. Sett dykk saman med to andre par som har valt andre kunstverk enn dykk.

  2. Vis fram biletet og presenter analysen de har gjort, for kvarandre.

  3. Samanlikn alle dei ulike måleria klassen har jobba med. Korleis kan de sjå at dei er skapte i ulike kunsthistoriske periodar?

Del 3: Korleis kan du bruke kjende verk som referansar i eige skapande arbeid?

La deg inspirere av verket de har analysert. Er det element herifrå du kan bruke som utgangspunkt for eige skapande arbeid?

Vi kan få eit nytt blikk på element vi kjenner igjen frå kunsthistoria, når dei blir sette inn i ein ny samanheng. Jobb med idéskisser til korleis du kan skape ditt eige uttrykk, samtidig som betraktaren kan kjenne igjen noko frå det historiske kunstverket.


Relatert innhald

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 18.11.2025