Oppgåve
Samanlikn to måleri
To måleri er måla av to ulike kunstnarar med 44 års mellomrom. Begge motiva er henta frå ei bondestue og viser menneske som sit rundt eit bord. Vi skal sjå nærmare på likskapar og forskjellar mellom dei og på korleis to ulike målemåtar speglar periodane dei er skapte i.

De ensomme gamle, (Husandakt) av Adolph Tidemand (1849).

Kortspillerne av Harriet Backer (1897).
Samanlikn verka av Tidemand og Backer
Beskriv kva vi ser i dei to måleria.
Påverkar titlane korleis du opplever måleria?
Korleis har kunstnarane sett på motivet, observerer dei, eller fortel dei ei historie? Grunngi svaret ditt.
Samanlikn:
penselstrøk
tekstur
fargebruk
kontrastar
Plasser dei to måleria inn i kvar sin kunsthistoriske periode, og forklar likskapar og forskjellar.