Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Eigenvurdering

Eigenvurdering kan gi inspirasjon og oppmuntring til å forstå eiga læring. Dette kan auke motivasjonen din og gi deg eigarskap til læreprosessane dine. I denne artikkelen får du nokre tips om korleis du kan bruke eigenvurdering til å forbetre deg som kunstelev.

Ta tida til hjelp

Eigenvurdering tek tid. Du må gjere deg ein del erfaringar før du kan vurdere om ein arbeidsprosess har vore bra eller ikkje. Det betyr at du må tillate deg sjølv å gjere nokre feil undervegs. Alt blir ikkje rett med ein gong!

Kvifor bør du vurdere arbeidet ditt?

Etter at du har vurdert eigne arbeidsprosessar og resultata av dei nokre gonger, vil du oppleve eigenvurdering som eit nyttig verktøy. Eigenvurdering hjelper deg å forstå kvar du er i forhold til måla for oppgåva. Du reflekterer over kva du har gjort, og kan lære av eigne feil. Det er viktig å forstå kva som gjekk gale, og kva du kan gjere betre neste gong.

Like viktig er det å reflektere over kva du har gjort rett. Eigenvurdering kan vere ei god hjelp til å forstå kva ferdigheiter du vil ta vare på, og kva du må øve meir på.

Korleis kan du vurdere arbeidet ditt?

Bruk vurderingskriteria

Vurderingskriterium er ikkje berre ei hjelp for lærarane når dei skal gi tilbakemeldingar. Du kan bruke dei undervegs til å vurdere arbeidet ditt. Stopp opp og kontroller om du svarer på det oppgåva ber deg om på ein god måte.

Inspirasjon

Når du ser tilbake på arbeidsprosessen din, kan du spørje deg sjølv om du har søkt og samla nok inspirasjonsmateriale. Forklar korleis ei inspirasjonskjelde har påverka det ferdige arbeidet. Inspirasjonskjelder kan vere ein kultur, bestemde kunstnarar eller ein periode i kunsthistoria.

Hugs at du alltid må oppgi dei kjeldene du bruker.

Utvikling av idéar

Idérikdom og vidareutvikling av vald idé er viktig for å oppnå eit bra resultat og skape noko som er unikt for deg. Beskriv idéprosessen din slik at det går an for andre å forstå korleis resultatet blei som det blei.

Spørsmål som kan vere gode å stille når du skal vurdere idéutviklinga di:

  • Hadde du eit rikt tilfang av idéar eller var det litt få?

  • Kva idéar førte til nye idéar?

  • Korleis har du utforska idéane dine?

Utforsking og utvikling av visuelt uttrykk

I kva grad har du utforska og eksperimentert målretta for å komme fram til det ferdige produktet ditt? Vis og forklar korleis du har jobba med fargeutprøving, komposisjon og ulike teknikkar. Det er positivt at du har prøvd ut fleire moglege løysingar før du har teke eit endeleg val. Samtidig må du halde deg innanfor rammene i den konkrete oppgåva. Å avgrense seg er òg ein kunst.

Utfordringar og løysingar

Om resultatet ikkje blei som forventa, har du i alle fall lært noko av å ta sjansen. Du har tenkt sjølv og vore modig. Viss det har skjedd læring undervegs, er prosessen som regel viktigare enn resultatet.

Spørsmål som kan hjelpe deg til å reflektere over utfordringar du møtte undervegs:

  • Kva har vore utfordrande eller vanskeleg undervegs?

  • Kva har du forandra som følge av dette?

  • Kva har du gjort for å løyse utfordringane?

Det du blei fornøgd med

Erfaring gjer at vi kanskje ser andre løysingar i etterkant. Beskriv gjerne alternative måtar du kunne ha løyst oppgåva på, men det er viktig at du òg løftar fram det du er fornøgd med.

Spør deg sjølv:

  • Kva er du fornøgd med i det ferdige arbeidet ditt?

  • Kvifor synest du dette blei vellykka?

Formidling av idé

Kan du forklare korleis du har brukt idéen din i det ferdige produktet? Dette kan vere utfordrande, men det er god trening. Du har gjort nokre val for å få fram idéen slik du vil formidle han. Bruk det du har lært av fagspråk, og fortel om vala du har teke, og korleis dei påverkar uttrykket ditt.

Dokumentasjon

Å dokumentere og presentere ein prosess frå idé til ferdig arbeid er ein viktid del av faget. Stopp opp og vurder korleis dokumentasjonen din fungerer.

Spørsmål som kan hjelpe deg til å vurdere dokumentasjonen din:

  • I kor stor grad er du fornøgd med måten du har dokumentert prosessen frå idé og utprøving til ferdig produkt på?

    • Har du organisert materialet ditt på ein ryddig måte som gjer det lett for andre å følge prosessen din?

    • Har du fått vist kompetanse gjennom å bruke fagspråk i beskrivingane dine?

  • Viser du korleis du har brukt kjelder?

Relatert innhald

Målretta utprøving

Når du har begynt å lande på ein idé du vil jobbe vidare med, er det viktig at prosessen som forsett er relevant og formålstenleg.

Fagspråk i kunst

Fagspråk kan hjelpe deg til å tenke, beskrive og diskutere både din eigen og andre sin kunst. Øv deg på å kommunisere på ein profesjonell måte.

Skrive av Elin Drougge.
Sist oppdatert 11.08.2024