Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Analyse av visuelle kunstverk

Korleis møter du eit visuelt kunstverk? Prøv å legge merke til kva du registerer, og kva kjensler det vekker hos deg. Vi skal prøve å setje ord på korleis vi opplever eit bilete, og sjå korleis vi kan vere litt systematiske. Kva element kan vi peike på, og kva betydning har dei for heilskapen?

Tenk etter

  • Kva synest du om måleriet over?

  • Kva legg du merke til, og fortel dette deg noko?

  • Vekker biletet nokon kjensler i deg?

I møte med eit Munch-måleri

I filmen under (lengde 7:18) er vi med inn i Munchmuseet. Her skal vi studere eit av bileta hans og får nokre råd om kva vi kan sjå etter.

Video: Leidar / CC BY-SA 4.0

Diskuter

  1. Fekk de nokon nye tankar om biletet etter å ha sett filmen?

  2. Påverkar tittelen Livets dans korleis de tolkar biletet?

Kva bør vere med i ein analyse?

Presentasjon av verket

Start med å fortelje kva type verk du skal analysere. Er det til dømes eit måleri, ei teikning eller eit grafisk trykk?

Oppgi tittel, kunstnar, årstal og storleik, og finn ut kva slags teknikk eller materiale som er brukt.

Kort beskriving av motivet

  • Bruk fagomgrep, som til dømes landskap, eller portrett.

  • Beskriv heilt kort kva element som er til stades.

  • Beskriv formuttrykk: abstrakt eller naturalistisk, figurativt eller nonfigurativt.

Analyse

Beskriv bruken av visuelle verkemiddel. Bruk fagorda du har lært, og forklar kva verknad kunstnaren får fram:

  • Komposisjon
    Repeter gjerne fagstoff om ulike komposisjonsprinsipp. I dokumentet under kan du laste ned ei oversikt over nokre vanlege prinsipp. Kjenner du igjen nokon av desse i verket?

  • Fargebruk
    Beskriv fargebruken i verket. Finn du døme på Ittens fargekontrastar? Korleis påverkar fargebruken opplevinga av verket?

  • Symbolbruk
    Eit symbol er eit teikn eller ein gjenstand som vi har lært oss betydninga av. Eit av dei mest brukte symbola i kulturen vår er hjartet. Det får oss til å tenke på varme kjensler og kjærleik.

  • Teknikk
    Du har allereie nemnt kva slags teknikk eller materiale som er brukt i presentasjonen av verket. No skal du legge vekt på korleis teknikken påverkar opplevinga vår av det.

  • Referansar
    Viss kunstverket viser til andre kjende verk, bør du seie noko om dette.

Tolking

Bodskap

  • Kva tema eller idéar blir utforska?

  • Kva trur du kunstnaren ønsker å seie med dette verket?

Her kan du vere open for fleire ulike tolkingar, men grunngi dei.

  • Korleis er samanhengen mellom form (bruken av visuelle verkemiddel) og innhald (tematikk og bodskap) i biletet?

Kontekst

  • Korleis heng biletet saman med den tida det blei laga i?

  • Er verket knytt til nokon historiske, kulturelle eller sosiale forhold?

Avslutning

Samanfatt analysen din. Du kan òg gi di eiga vurdering av biletet, og du kan seie om du meiner biletet er relevant i dagens samfunn.

Last ned eit hjelpeark

Du kan laste ned eit hjelpeark (under) som du kan skrive ut. Det inneheld dei same punkta som i teksten over.

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 18.11.2025