Skulptur av Ahmed Umar
Del 1: Film om skulpturen Thawr, Thawra
Nasjonalmuseet har kjøpt inn Thawr, Thawra ثور, ثور (Ox, Revolution). I filmen under (lengde 6:26) møter du Ahmed Umar som fortel om skulpturen og arbeidsprosessen sin.
Del 2: Skulpturanalyse
Opplysningar
Start med å gi fakta om verket:
Kva heiter skulpturen?
Kven har laga han?
Kva årstal blei han laga i?
Kva teknikkar og materiale har kunstnaren brukt?

Beskriving
Beskriv korleis skulpturen ser ut, og kvar han er plassert.
Formspråk
Kva slags form(er) har skulpturen?
Er han naturtru, forenkla eller heilt abstrakt, det vil seie at han ikkje liknar på noko i verkelegheita?
Er forma lett eller tung, open eller lukka?
Komposisjon
Korleis er skulpturen bygd opp?
Har han ei heil form, eller er han sett saman av mange former?Beskriv forma (formene).
Geometriske former er former som kan konstruerast med passar og linjal.
Organiske former har uregelmessige, mjuke linjer som dei vi finn i naturen.
Er det kontrastar mellom formene? Beskriv i så fall kontrastbruken.
Er det balanse i måten formene er sette saman på?
Fargar
Har skulpturen fargen til sjølve materialet, eller er han fargelagd?
Beskriv fargevalet og kva betydning fargane har for utrykket.
Tekstur
Korleis er overflata på skulpturen?

Innhald
Kva synest du skulpturen handlar om?
Kva får kunstverket deg til å tenke på, og kva kjensler får du av å sjå på det?
Fekk du ei anna forståing av skulpturen etter å ha sett filmen der kunstnaren fortel om han?
Forsøk å forklare bodskapen i skulpturen ved hjelp av det du har komme fram til i analysen. Kan han tolkast og forståast på fleire måtar?
Samanfatt
Samanfatt kva Ahmed Umar uttrykker gjennom skulpturen sin.
Viss du vil ta med om du liker skulpturen eller ei til slutt, bør du seie noko om kvifor.
Relatert innhald
Nettside hos nasjonalmuseet.no
Nettside hos norskekunsthandverkere.no