Å utforske kunstverk

Del 1: Finn to kunstverk
Finn eit kunstverk du liker, og eit kunstverk du ikkje liker, eller som berre ikkje gir deg noko spesielt.
Bruk ti minutt ved det kunstverket du liker. Lag eit notat der du svarer på spørsmåla under:
Kva er motivet?
Beskriv heilskapen før du går inn i detaljar.Korleis er komposisjonen i kunstverket?
Kva fargar er brukte?
Kva er temaet?
Kva tankar og kjensler får du ved å betrakte kunstverket?
Bruk ti minutt ved det kunstverket du ikkje liker, eller som ikkje gir deg noko spesielt. Lag eit notat der du svarer på spørsmåla under:
Kva er motivet?
Beskriv heilskapen før du går inn i detaljar.Korleis er komposisjonen i kunstverket?
Kva fargar er brukte?
Kva er temaet?
Kva tankar og kjensler får du ved å betrakte kunstverket?
Del 2: Fortel om kunstverka "dine"
Gå saman med medeleven din. Stå ved det kunstverket du liker, beskriv det du har observert, og forklar kva du har reagert på. Bruk notata dine. Gjer det same med det andre kunstverket.
Neste trinn er å byte roller. No skal medeleven din beskrive og forklare for deg om dei to kunstverka sine.
Del 3: Refleksjon og ettertanke
Korleis opplevde du øvinga?
Skjedde det noko undervegs med korleis du oppfatta nokon av kunstverka?
Fekk medeleven din deg til å gjere nokon nye oppdagingar då hen fortalde om dei kunstverka hen hadde valt?