Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Tilpass kommunikasjonen til gjesten

Ein profesjonell serviceytar skal kunne snakke med alle menneske. Korleis kan vi tilpasse kommunikasjonen til kvar enkelt gjest, og kva er god kommunikasjon?

Rollespel

Gå saman to og to. Den eine tek rolla som servicearbeidar, den andre tek rolla som gjest.

Del 1: Førebuing

Bli einige om rammene for rollespelet:

  • stad og situasjon

  • gjesten (til dømes alder, kjønn, utdanning, heimstad, livssituasjon)

Del 2: Gjennomføring

Set i gang rollespelet. Byt på rollene som servicemedarbeidar og gjest.

Etter rollespelet

Skodespelarane fortel korleis dei opplevde situasjonen.

  • Var kommunikasjonen god?

  • Korleis blei kommunikasjonen tilpassa gjesten?

Dei andre elevane kommenterer rollespelet.

Skrive av Kjell Rosland.
Sist oppdatert 12.01.2026