Oppgåve
Klage på ein mobiltelefon
Kva for rettar har kunden om ein ny telefon ikkje fungerer skikkeleg, og korleis bør vi som seljarar handtere klaga?

Oppgåve
Thea har kjøpt den nyaste iPhone-en i ein butikk. Når ho kjem heim med telefonen, viser det seg at ho ikkje kan snakke i han, ho høyrer berre støy. Dei andre funksjonane på telefonen verkar greitt.
- Kva meiner du butikken bør gjere i denne situasjonen? Kva bør Apple gjere?
- Tenk deg at du er seljaren i butikken og tek imot klaga. Du har fått beskjed om at du i slike tilfelle ikkje skal byte telefonen, men sende han til reparasjon.
Kva seier forbrukarkjøpslova om Thea sine rettar i denne situasjonen? Kva for argument kan du bruke for å gjere denne kunden nøgd?
- Kva betydning trur du det vil ha for inntrykket av servicen og kundeopplevinga å nekte byte av telefonen?
- Korleis trur du denne opplevinga påverkar Thea sitt vidare kundeforhold til butikken og Apple?
- Hadde det gjort nokon forskjell om Thea hadde kjøpt denne telefonen på nett og ikkje i butikk? I så fall – på kva måte?