Teknikk

Generelle tips
Når du skal lære deg kast som "flyt", er det tre ting som er viktige å hugse på:
- Stå sidelengs med ansiktet mot den du kastar til. Kva bein som står fremst, varierer og avheng av kva kast du skal utføre.
- Hald disken litt ned frå kroppen, det vil seie at den sida av disken som vender bort frå handa, er nærmast bakken. Dette gjer du for å kompensere dreiinga til disken i lufta. Dersom disken blir kasta heilt flatt, vil dei fleste oppleve at han tippar over til den eine sida, dit rotasjonen trekker han. Om han til dømes roterer med klokka, vil han gradvis tippe over mot høgre.
- Start alle kast med korte avstandar, gjerne åtte–ti meter, og fokuser på teknikk til å byrje med.
Vanlege feil
Her er nokre tips for å korrigere dei vanlegaste feila:
- Disken går for høgt: Du bøyer antakeleg det bakarste beinet. Prøv å kaste med det bakarste beinet rett – bøy det fremste litt i staden.
- Disken går for kort: Du legg antakeleg for stor vekt på det fremste beinet og får dermed ikkje nok kraft i kastet. Still deg sidelengs og strekk armen lenger bakover slik at du får lengre arbeidsveg i kastet. Prøv å overføre tyngda frå det bakarste beinet til det fremste når du kastar (men ikkje så mykje at du kjem for langt frampå).
- Disken "woblar" (slingrar) i lufta. Det gjer ikkje nødvendigvis noko dersom kastet elles er bra. Men prøv å kaste med meir "snert" i handleddet, så går disken meir stabilt.
- Disken tippar over til den eine sida: Hald han med større vinkel ut frå kroppen idet du slepper han, og prøv samtidig å få til ein "snert" med handleddet.
Kast og mottak
Backhand
Det finst individuelle variantar av korleis dette kastet blir utført. Nokre grunnleggande moment er det likevel verdt å merke seg.
Grip rundt kanten av disken, med tommelen oppå og dei andre fingrane under. Eventuelt kan du halde peikefingeren langs kanten av disken for meir stabilitet.
Høgrehendte stiller seg med det høgre beinet fremst.
- Før disken framfor kroppen og drei handleddet innover.
- Beveg handleddet i ei rask rørsle i kastretninga, og slepp disken.
Film: Backhand
Sjå filmen under (lengde 0:14) for å sjå korleis backhand blir utført.
NB: Filmen har ikkje lyd.
Forehand
Forehand er eit kast som fell naturleg for nokre, men som andre har litt problem med.
- Hald disken med tommelfingeren på oversida og disken inn mot kroppen.
- Hald peikefingeren og langfingeren på undersida, inn mot kanten.
- Før disken bak kroppen og før armen raskt fram i ei rett linje mot målet. Prøv å få ein kontrollert utløysingsvinkel slik at disken flyg stabilt og rett fram.
Pass på å legge disken flatt idet du utfører sjølve kastet.
Kast disken frå sida av kroppen med handflata vendt opp.
Høgrehendte fører den høgre foten litt tilbake og tek eit lite steg fram med venstre fot idet kastet blir utført.
Film: Forehand
Sjå filmen under (lengde 0:09) for å sjå korleis forehand blir utført.
NB: Filmen har ikkje lyd.
Opp-ned-kast
Dette kastet blir òg kalla "overhead" og er det same kastet som forehand, men du kastar disken opp ned over hovudet.
Hald disken med tommelfingeren på oversida og disken inn mot kroppen.
- Hald peikefingeren og langfingeren på undersida, inn mot kanten.
- Før disken bak hovudet og kroppen, som i eit vanleg kast.
Pass på å legge disken flatt idet du utfører sjølve kastet.
Kast disken opp i vinkel og prøv å få han til å "flyte" heilt flatt over til mottakaren, slik at han blir lett å ta imot.
Høgrehendte fører venstre fot fram idet kastet blir utført.
Film: Opp-ned-kast
Sjå filmen under (lengde 0:09) for å sjå korleis opp-ned-kast blir utført.
NB: Filmen har ikkje lyd.
Mottak
Den sikraste metoden når du skal ta imot ein disk, kallar vi "sandwich". Då tek du imot disken med begge hender. Møt alltid disken med utstrekte armar.
- Møt disken og legg den eine handa (høgre for høgrehendte) under og den andre over disken.
- Før disken litt inn mot kroppen, og du har kontroll.
Film: Mottak
Sjå filmen under (lengde 0:09) for å sjå korleis mottak blir utført.
NB: Filmen har ikkje lyd.