Disksport
Om disken
Disken er tallerkenforma og laga av plast, vanlegvis med ein diameter på 20–25 centimeter. Disken kastast med éi hand på ein slik måte at han roterer fram gjennom lufta, og han er utforma slik at han skaper si eiga oppdrift når han flyg.
Opphavet

Eigenskapane til den "flygande tallerkenen" vart oppdaga ved eit tilfelle i 1871. Det var då amerikanaren William Russel Frisbie starta bakeriet The Frisbie Pie Company i Connecticut. Firmaet spesialiserte seg på terter og paiar som vart leverte i runde blekkesker til skulane i distriktet. Elevane oppdaga sjølvsagt snart at dei tomme eskene var fine å "flyge" med, og dei hadde moro av å kaste dei fram og tilbake mellom seg.
Den første frisbeen
Likevel var det først i 1946 at ein annan amerikanar, Walter Fredrik Morrison, kom på ideen om å lage eit leiketøy av dei flygande blekkboksane. Han utvikla designet vidare og eksperimenterte seg fram til ein tallerken av plast. Det er denne polyetylenutgåva som blir rekna som den første verkelege frisbeen. Seinare har disken kome i mange ulike variantar, og brukarane har klekt ut mange ulike kasteteknikkar og spelvariantar for han.
Ulike disksportar
.jpg?width=1024)
I dag finst det fleire etablerte disksportar:
- diskgolf
- ein presisjonsidrett der ein kastar disk mot korg
- ultimate
- eit lagspel der målet er å gripe disken i målsona til motstandarlaget
- freestyle
- der ein gjer triks og tekniske kast