Lag design for gåveesker

Oppgåve
Oppgåva skal løysast individuelt eller gjennom samarbeid i grupper.
- Eske A skal brukast til å pakke inn gåver hos ein gullsmed.
- Eske B skal brukast til å pakke inn små gåver i ein leikebutikk.
- Eske C skal brukast til å pakke skruar i lausvekt i eit byggjevarehus.
Fremgangsmåte
- Vel forma kvadrat, sirkel eller trekant. Denne forma skal brukast som dekorelement på alle dei tre eskene.
- Bestem tre adjektiv som skal beskrive uttrykket på kvar av eskene, for eksempel elegant, tøft, mørkt, leikent, gult ...
Teikn skisser og finn flest mogleg måtar å variere framstillinga av forma på. Design mønster. Fyll minst eitt ark! Tips til kva for verkemiddel som kan brukast for å variere:
- linjer
- former og luft
- teksturar og strukturar
- styrke
- fargar
- Bruk eit program for vektorgrafikk, for eksempel Adobe Illustrator.
Når du har ei oppfatning om kva slags mønster og fargar du vil bruke, kan du laste ned og opne PDF-fila som heiter Stanseriss gaveeske. Ho viser korleis eska ser ut før ho blir bretta og limt. Plasser dekoren på malen for å vite korleis eska skal klippast til og limast.
- Stanseriss gaveeske(PDF)
Eigenvurdering
- Korleis stemmer designet for kvar av eskene med den typen butikk som skal bruke eska?
- Passar mønster, komposisjon og luft med adjektiva og det uttrykket du eller de ønskte å skape?
- Passar fargevala med uttrykket og bruksområdet til eska?
- Korleis vil du seie du har brukt matematisk forståing i arbeidet ditt?
Diskuter med andre i klassen, ta notat, og lever refleksjon etter avtale med læraren din.