Visuelt språk - Linjer - Konseptutvikling og kommunikasjon (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Visuelt språk

Fagartikkel

Linjer i grafisk design

Linjer er viktige i komposisjon av visuelle uttrykk. Ei linje kan beskrivast som vegen mellom to punkt eller banen eit punkt har bevega seg langs. Dei kan varierast på mange måtar og uttrykkje forskjellig meining.

Forskjellige slags linjer

Typografi, fotografi og illustrasjonar inneheld ofte fleire linjer. Linjene kan delast inn etter funksjon: Konturlinjer blir brukte til å avgrense og markere innsida og utsida av eit objekt, skiljelinjer blir brukte til å markere avstand mellom objekt, og dekorlinjer blir brukte som pynt. Plasseringa av element i eit bilete skaper også usynlege linjer og retningar som påverkar det visuelle uttrykket.

Å beskrive ei linje

Når du skal beskrive linjer, kan du bruke uttrykk som:

  • tynn/skjør eller tjukk/sterk
  • lang eller kort
  • horisontal/vassrett, vertikal/loddrett eller diagonal/stigande/synkande
  • rett, i sikksakk eller kurva/boga
  • naturleg eller unaturleg
  • heiltrukken eller open

Kan linjer uttrykkje eigenskapar?

Vertikale linjer blir oppfatta som sterke, mens horisontale linjer er harmoniske. Kurva linjer viser til rytme og bevegelse, glede og generøsitet. Dei blir oppfatta som meir feminine enn skarpe kantar. Skarpe og kraftige former blir oppfatta som livlege og unge, og vi ser dei gjerne som meir maskuline. Dei gir uttrykket energi og aggresjon.

Skrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 01.05.2017