Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Nyttige kjelder for mediefag

Her har du ei oversikt over kjelder som kan vere nyttige i arbeid med mediefag.

Kjeldebruk og kjeldekritikk

  • Faktisk.no: ein nettstad som faktasjekkar det offentlege ordskiftet og avdekker falske nyheiter

  • Kildekompasset: viser deg korleis du bruker kjelder riktig

  • Søk & Skriv: viser deg korleis du bruker kjelder og skriv fagtekstar

  • TinEye: biletsøkemotor der du kan laste opp eit bilete, og så vil søkemotoren finne liknande bilete frå andre stader på nettet

Offentlege instansar

  • Tilsynet for universell utforming: legg til rette for at offentlege etatar får god kompetanse om tilgjengelegheit

  • Medietilsynet: eit statleg organ som mellom anna fører tilsyn med marknads- og eigarforhold i media, set aldersgrenser på film og behandlar klager som gjeld kringkasting

  • Regjeringen.no: søk (medium): informasjon frå regjeringa om medierelaterte saker

  • Stortinget: søk (medium): medierelaterte saker på Stortingets nettside (klikk deg inn på "saker" for å sjå kva som er under behandling)

Redaksjonelle nasjonale medium i Noreg

  • Aftenposten: regional dagsavis frå Oslo

  • Dagbladet: landsdekkande laussalsavis

  • Dagens Næringsliv: dagsavis som særleg har stoff om næringsliv og økonomi

  • Dag og Tid: vekeavis på nynorsk med mykje kommentar- og debattstoff

  • Klassekampen: uavhengig og radikal avis, definerer seg som "venstresida si dagsavis"

  • Morgenbladet: uavhengig kultur- og kommentaravis

  • Nationen: avis som kallar seg "distrikta si næringsavis"

  • NRK: statleg eigd norsk allmennkringkastar

  • NTB: det sentrale nyheits- og biletbyrået til norsk presse

  • TV 2: kommersiell allmennkringkastar, etablert i 1991 som Noregs første private tv-selskap

  • VG: landsdekkande laussalsavis

  • A-tekst: digitalt arkiv som inneheld nyheiter frå både trykte og digitale kjelder (spør lærar eller bibliotekar om innlogging)

Bransjen

  • Journalisten: bransjeblad for pressefolk

  • Kampanje: bransjemagasin for media- og kommunikasjonsbransjen

  • Kreativt Forum: nettstad som omtaler kreativt kommunikasjonsarbeid

  • Grafill: organisasjon for utøvarar og studentar innan design og illustrasjon, med fyldig nettside

  • Norsk filminstitutt: statleg forvaltningsorgan på film- og spelområdet, gir tilskot til utvikling, produksjon, lansering og formidling av filmar, seriar og spel

  • Rushprint: nettmagasin for film-, tv- og kinolivet i Noreg og Norden og for den film- og tv-interesserte

Tal og statistikkar

Til inspirasjon

  • NDLA film: filmteneste der du finn kortfilmar, spelefilmar og dokumentarar med open lisens

  • Pinterest: visuell søkemotor der du kan finne inspirasjon til arbeidet ditt (krev at du registrerer deg)

  • Tineye: Multicolr: Search by color: søkemotor der du kan gjere biletsøk basert på fargar

Skrive av Albertine Aaberge og Maren Aftret-Sandal.
Sist oppdatert 08.01.2026