Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Kjelder og læring

Korleis bruker du informasjon frå kjelder i skulearbeid, og kva kjelder er dei vanlegaste. Her får du ein introduksjon.

Dette lærer du

  • Kjelder har ulike eigenskapar som er nyttige for ulike læringsformål.

  • Vi lærer gjennom å omarbeide informasjon frå fleire kjelder.

Informasjon frå kjelder

Har du tenkt over kor mykje informasjon du får frå ulike stader i løpet av ein dag? Vi er så vande til å få så mykje forskjellig informasjon i kvardagen at vi ikkje tenker over kvar han kjem frå. Vi er ikkje kritiske til kjeldene som informasjonen kjem frå.

Foreldra dine fortel når det er middag, ein venn fortel om ein ny tv-serie, og du får med deg dei siste store hendingane i verda i feeden din. Kvar dag blir du eksponert for informasjon frå ei rekke kjelder.

Tenk over

Kva informasjon har du fått frå kva kjelder hittil i dag?

Del gjerne erfaringane dine med ein medelev.

Læring med kjelder

I skulesamanheng bruker vi kjelder aktivt og praktisk. Vi orienterer oss i informasjon frå kjelder for lære, og vi samlar, siler og behandlar informasjon på ein systematisk måte for tileigne oss kunnskapar. Ofte er læraren sjølve kjelda, og i andre tilfelle får vi hjelp frå læraren.

Tenk over

Korleis lærer du frå fleire kjelder?

Du skal kunne fortelje andre om det norske demokratiske styresettet. Korleis kan du gå fram for å samanlikne informasjon frå dei tre kjeldene som er nemnde under?

  1. Læraren fortel klassen om korleis det norske demokratiske systemet fungerer, og illustrer det med bilete i ein presentasjon.

  2. Du les om demokratiet i ein NDLA-artikkel eller ei lærebok. Informasjonen er formidla på ein annan måte. Her er det litt andre døme, og nokre ord er forskjellige frå dei læraren bruker.

  3. Du les òg eit debattinnlegg der ein politisk engasjert ungdom argumenterer for kvifor skulen må endrast for å sikre eit velfungerande demokrati.

Ulike kjelder

Kva kjelder du bruker, og korleis du bruker dei, avheng av kva du skal lære, og kvar i læringsprosessen du er. Kjelder støttar deg i læringsarbeidet på forskjellige måtar.

Læraren og andre fagkunnige

I skulesamanheng har du god tilgang på lærarar. Dei er fagpersonar og har god oversikt over dei faga dei underviser i. Ofte har læraren din lagt nokre premissar for kva du skal jobbe med, og i tillegg delt informasjon med deg i timane.

Du kan òg stille faglege spørsmål til personar utanfor skulen. Dei kan ha fagkompetanse innanfor eit bestemt område og interessante erfaringar og kunnskapar å dele med deg.

Tenk over

Når spurde du sist om fagleg hjelp frå ein lærar?

Læremiddel er spesiallaga for fag og trinn

Digitale læremiddel og lærebøker du bruker i skulefag, er skreddarsydde etter læreplanar. Dei er etter regelen sentrale og sikre kjelder. Du kan til dømes trygt bruke fagomgrep herfrå som søkeord i nettlesarar og i arkiv. Det kan gi deg meir presise søkeresultat enn om du bruker kvardagsord.

Nettsøk og oppsummeringar frå KI

Internett har blitt den viktigaste staden å søke etter og få brei tilgang til kjelder og informasjon. Det kan vere utfordrande å handtere mengda informasjon som er tilgjengeleg gjennom eit nettsøk, derfor er det ofte enkelt å ty til KI-oppsummeringa. Ho kan gi deg ein peikepinn på om du er på rett veg med søket ditt.

Hugs at KI-oppsummeringa ofte inneheld feil, og ho er heller inga kjelde. Bruker du informasjon herfrå, må du kunne vise til pålitelege kjelder med same informasjon. Sjekk kjeldene som er lista opp.

For å ende opp med gode kjelder må du som regel søke i fleire omgangar med nye søkeord og spørsmålsstillingar.

Nettkjelder med søketenester

Det er nyttig å gå direkte til relevante søketenester. Dei mest vanlege kjeldene med eigne søketenester på nett brukt i den vidaregåande skulen, er

  • læremiddel på nettet
  • oppslagsverk
  • offentlege nettsider
  • offentlege dokument og arkiv
  • mediekanalar
  • delingstenester

Lærebøker til fordjuping

Skal du fordjupe deg og bruke lang tid innanfor eitt tema, finst det fagbøker du kan få tak i gjennom skulebiblioteket. Nokre fagbøker er laga for høgskular og universitet, og dei kan vere kompliserte å bruke. Du må vurdere om du vil ha utbytte av å bruke slike kjelder. Bibliotekarar og lærarar kan gi deg nødvendig rettleiing.

Estetiske kjelder

Estetiske kjelder er kulturuttrykk som musikk, litteratur, film eller dikt. Reklame og bilete er òg estetiske kulturuttrykk. Dei blir sjeldan brukte til innhenting av faktainformasjon. Like fullt er dei verdifulle kjelder for å belyse problemstillingar eller for å gi døme på korleis ting heng saman, og ikkje minst kan dei brukast til inspirasjon. I mange fag står analyse av estetiske kjelder sentralt.

Når du sjølv skal skape estetiske uttrykk, vil det vere naturleg å bruke estetiske kjelder til inspirasjon og få idéar frå estetiske sider ved kjeldene.

I andre samanhengar bruker du musikk i ein video eller podkast, eller du bruker bilete for å illustrere ein presentasjon. Då bruker du kjelder for å skape ei stemning, gi ei betre forståing og ei større breidde i opplevinga av det du vil formidle. Hugs at estetiske kjelder òg skal førast opp i kjeldelister.

Eigenskapar ved informasjon

På nettet kan ei kjelde innehalde både statisk og dynamisk informasjon.

Tekst og bilete

Tekst og bilete er statisk. Du har sjølv kontrollen. Du kan lese tekst og studere bilete i ditt tempo.

Video og lyd

Det finst òg informasjon formidla gjennom video, lyd, simulering eller 3D-verder. Både i læremiddel og på nettet er det ei aukande mengde tilgang til ikkje-statisk informasjon.

Bruker du kjelder med dynamisk informasjon, må du stoppe straumen, spole tilbake og notere eventuelle tidskodar og informasjon du skal bruke vidare, og kanskje må du òg ta skjermdumpar.

Tenk over

Kor ofte lærer du noko gjennom lyd og video?

Skrive av Albertine Aaberge og Marion Federl.
Sist oppdatert 02.03.2026