Nyttige kjelder for mediefag

Kjeldebruk og kjeldekritikk
Faktisk.no: ein nettstad som faktasjekkar det offentlege ordskiftet og avdekker falske nyheiter
Kildekompasset: viser deg korleis du bruker kjelder riktig
Søk & Skriv: viser deg korleis du bruker kjelder og skriv fagtekstar
TinEye: biletsøkemotor der du kan laste opp eit bilete, og så vil søkemotoren finne liknande bilete frå andre stader på nettet
Offentlege instansar
Tilsynet for universell utforming: legg til rette for at offentlege etatar får god kompetanse om tilgjengelegheit
Medietilsynet: eit statleg organ som mellom anna fører tilsyn med marknads- og eigarforhold i media, set aldersgrenser på film og behandlar klager som gjeld kringkasting
Regjeringen.no: søk (medium): informasjon frå regjeringa om medierelaterte saker
Stortinget: søk (medium): medierelaterte saker på Stortingets nettside (klikk deg inn på "saker" for å sjå kva som er under behandling)
Redaksjonelle nasjonale medium i Noreg
Aftenposten: regional dagsavis frå Oslo
Dagbladet: landsdekkande laussalsavis
Dagens Næringsliv: dagsavis som særleg har stoff om næringsliv og økonomi
Dag og Tid: vekeavis på nynorsk med mykje kommentar- og debattstoff
Klassekampen: uavhengig og radikal avis, definerer seg som "venstresida si dagsavis"
Morgenbladet: uavhengig kultur- og kommentaravis
Nationen: avis som kallar seg "distrikta si næringsavis"
NRK: statleg eigd norsk allmennkringkastar
NTB: det sentrale nyheits- og biletbyrået til norsk presse
TV 2: kommersiell allmennkringkastar, etablert i 1991 som Noregs første private tv-selskap
VG: landsdekkande laussalsavis
A-tekst: digitalt arkiv som inneheld nyheiter frå både trykte og digitale kjelder (spør lærar eller bibliotekar om innlogging)
Bransjen
Journalisten: bransjeblad for pressefolk
Kampanje: bransjemagasin for media- og kommunikasjonsbransjen
Kreativt Forum: nettstad som omtaler kreativt kommunikasjonsarbeid
Grafill: organisasjon for utøvarar og studentar innan design og illustrasjon, med fyldig nettside
Norsk filminstitutt: statleg forvaltningsorgan på film- og spelområdet, gir tilskot til utvikling, produksjon, lansering og formidling av filmar, seriar og spel
Rushprint: nettmagasin for film-, tv- og kinolivet i Noreg og Norden og for den film- og tv-interesserte
Tal og statistikkar
Kantar: byrå som driv med marknadsundersøkingar
Reportere uten grenser: uavhengig, internasjonal journalistorganisasjon som arbeider for pressefridom
SSB: Norsk mediebarometer: viser statistikk som kartlegg bruk av ulike medium og tilgangen til desse
Til inspirasjon
NDLA film: filmteneste der du finn kortfilmar, spelefilmar og dokumentarar med open lisens
Pinterest: visuell søkemotor der du kan finne inspirasjon til arbeidet ditt (krev at du registrerer deg)
Tineye: Multicolr: Search by color: søkemotor der du kan gjere biletsøk basert på fargar