Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Nettsøk og tekstgenerering

Det er forskjell på kva slags tekst og treff du får når du bruker ein søkemotor, og tekstinnhaldet du får når du ber om svar frå ein praterobot. Lær om korleis du kan bruke verktøya på ein kritisk og effektiv måte når du jobbar med fakta og informasjonsinnhenting.

Dette lærer du om

  • Det er forskjell på nettsøk og KI-generering.

  • Du kan bruke ulike strategiar ved nettsøk.

  • Det er viktig å bruke praterobotar i arbeid med kjelder og skriving på rett måte.

Forskjellen på nettsøk og KI-generert tekst

Det er viktig at du veit kva som er forskjellen på nettsøk og tekstgenering, slik at du bruker verktøya rett. Nettsøk gir deg kjelder du kan sjekke, mens generert tekst gir deg forslag til innhald og formuleringar som du må vurdere og sjekke i etterkant.

Nettsøk

I nettsøk hentar du fram informasjon som allereie finst på nettet. Jo klarare du har for deg kva du leiter etter, jo betre treff får du.

Søkeorda du bruker, er den viktigaste informasjonen du gir søkemotoren. Gode søkeord gir deg kjelder som kan vere nyttige for deg.

Søkemotorar fungerer som følger:

  • Søkemotoren søker gjennom nettet og finn nye nettstader.

  • Kvaliteten og relevansen på informasjonen blir analysert av algoritmar og systematisert i ein database.

  • Når du søker på nett, søker du mot databasen, og du får lista opp dei mest relevante treffa for søket ditt. Annan informasjon enn søkeorda dine kan òg spele inn: kvar du er, tidspunkt på døgnet og tidlegare søk kan òg ha noko å seie for kva treff du får lista opp.

Ver kritisk: Google er kommersiell

Den vanlegaste søkemotoren er Google. Hugs at Google er eit kommersielt selskap. Mange av søketreffa som kjem opp, er sponsa for å komme opp.

Ha alltid i bakhovudet at kommersielle interesser kan verke inn på søketreffa dine, og på den KI-genererte oppsummeringa på toppen av utlistinga.

KI-generert tekst

Når du skriv eit spørsmål inn i ein praterobot, genererer språkmodellen ein tekst til svar. Det vil seie at han set saman eit heilt nytt innhald:

  • Ein språkmodell er mata med heile internett og har lært seg grammatikk og andre samanhengar i språk. Han har samanhengar i språk.

  • Når du stiller eit spørsmål til ein praterobot, genererer språkmodellen ein tekst med språkleg flyt. Roboten lagar den mest sannsynlege teksten som svar til spørsmålet ditt.

  • Teksten du får, er datagenerert, og han kan innehalde faktafeil. Ingen menneske har vurdert kvaliteten på teksten.

For generert tekst gjeld det òg å vite kva du treng. Er du usikker på kva slags forslag du spør etter, får du svar du eigentleg ikkje treng. Du må stille detaljerte nok spørsmål, til dømes gi roboten ei rolle og be om at svaret har eit bestemt format.

Strategiar for nettsøk

Planlegg søket ditt

Skriv ei setning om kva informasjon du treng. Skriv ned relevante søkeord, synonym og engelske omgrep som kan vere nyttige for søket ditt.

Søketips

Set opp fleire søkeord samtidig for å snevre inn søket. Søk fleire gonger med ulike kombinasjonar av søkeord.

Nokre nyttige søkekommandoar

Bruk "site" for å avgrense søket til eit domene, til dømes "podkast site:nrk.no".

Du kan avgrense søket til bestemde filtypar, til dømes "plakat reklame filtype:pdf" (sjå treff på biletseksjonen).

Finn du relevante tekstar og rapportar som er lange, bruk Ctrl F (⌘ + F på Mac) for å gå gjennom teksten meir effektivt.

Bruk gjerne "avansert søk" i Google for å få hjelp til å lage meir presise søk.

Sil ut og utøv kjeldekritikk

Skaff deg overblikk, vel ut og gå systematisk gjennom kjeldene. Vel nokre kjelder, samanlikn og sil bort kjeldene du ikkje treng. Gjer nye søk. Gå meir grundig gjennom kjelder du har valt.

Er avsendaren til å stole på?

Finn du avsendaren av kjelda? Kan du stole på avsendaren? Kva hensikter har avsendaren av kjelda? Kven er forfattar? Kven har publisert kjelda? Finst det ein ansvarleg redaktør? Bruk tid til å undersøke avsendaren av informasjon, gjerne saman med andre.

Har lenka rett adresse?

Stemmer nettadressa overeins med avsendaren?

Treng du informasjonen?

Er informasjonen i kjelda interessant og relevant for deg akkurat no? Var det dette du var ute etter?

Dokumenter søket ditt

Finn fram til relevant informasjon, klipp ut og lim inn sitat, lenker og informasjon om kjelda i eit dokument.

Prøv òg å notere ned kva du skal bruke informasjonen til. Slik kan du jobbe systematisk med å samle kunnskapar og fakta du kan bruke, referere og finne tilbake til seinare.

Spesielle søkemotorar

  • Google Alert gjer det mogleg å overvake nyheiter på nettet innan emne du sjølv vel.

  • TinEye gjer det mogleg å finne ut kvar eit bilete på nettet stammar frå (du kan òg bruke Google biletsøk til det).

Generativ KI i arbeid med kjelder og skriving

Kva KI-verktøy bruker du? Løyser verktøyet behova dine? Kven har laga eller distribuert verktøyet? Kan du stole på dei? Kva skjer med dataa du legg inn i verktøyet?

Dobbelsjekk faktaopplysningar

Genererte tekstar blir ikkje rekna for å vere kjelder.

Ein generert tekst manglar forfattar og har heller ingen ansvarleg redaktør. Du kan ikkje gi ein praterobot eit ansvar som om det er menneske, for teknologi kan ikkje ha ansvar. Det er menneska som bruker teknologien, som har ansvaret.

Viss du bruker ein praterobot til å lage ei oversikt over eit fagleg emne, kan du ikkje bruke han som ei påliteleg kjelde. Du må finne andre kjelder som stadfester påstandane i den genererte teksten.

Praterobotar er verktøy, tenk sjølv

Du kan sparre med ein praterobot for å få fart på idémyldring og formuleringar av ei problemstilling. Du kan òg få hjelp til å strukturere eit skrivearbeid, forbetre språkflyt, finne betre uttrykksmåtar eller forbetre formuleringar.

Same korleis du bruker praterobotar, må du stå for det endelege resultatet. Du er ansvarleg for det du gir frå deg.

Dokumenter og beskriv korleis du har brukt ein praterobotar til å hjelpe deg. Her er nokre døme på formuleringar:

  • Eg har brukt NDLAs praterobot for å få hjelp med å finne og formulere ei problemstilling.

  • Eg har brukt Copilot for å forbetre strukturen på teksten.

  • Eg har brukt ChatGPT for å finne grammatiske feil og gi forslag til betre formuleringar.

Kan du det no?

Sentrale fagomgrep

nettsøk
leite etter informasjon på nett ved hjelp av søkeord i ein søkemotor
søkemotor
digitalt verktøy som finn og prioriterer nettsider med utgangspunkt i søkeorda dine
KI-generert tekst
tekst laga av ein praterobot/chatbot
språkmodell
kunstig intelligens som reknar seg fram til kva ord som sannsynlegvis følger kvarandre som svar på ein instruks/prompt du har skrive, ein språkmodell har lært seg mønster frå store mengder tekst
kjeldekritikk
det å vurdere kvaliteten på informasjonen i ei kjelde og om ho er sann, sjekke om kjelda er relevant for bruket ditt, og om ho er til å stole på

Kjelde

Søk & Skriv. (2025, 6. oktober). Kunstig intelligens i utdanning: Kildebruk. https://www.sokogskriv.no/kunstig-intelligens/#kildebruk

Skrive av Albertine Aaberge og Jan-Arve Overland.
Sist oppdatert 03.10.2025