Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Å vere menneske

Som menneske lever du i ein sosial fellesskap med andre. Du er sjølv med på å påverke di eiga utvikling, og du kan ta eigne val. Det er eigentleg ein stor jobb å skulle bli eit menneske, og det er mykje vi skal lære på vegen.

Som menneske utviklar vi oss heile livet, og som fagarbeidar må du hugse på at dei menneska du arbeider med, òg er i utvikling. Jobben din handlar om å legge til rette for denne utviklinga på ein god måte.

Fellesskap med andre

Vi skal fungere i ein fellesskap, og vi skal vere medmenneske. I denne fellesskapen er vi avhengige av kvarandre, og vi må lære å vise kvarandre tillit og gjensidig respekt, uavhengig av kva kultur vi høyrer til, kva språk vi snakkar, eller kva hudfarge vi har. Vi er alle menneske som treng kjærleik, omsorg og tryggleik frå omgivnadene våre for å kunne utvikle oss på ein positiv måte.

Å vere menneske inneber òg å bry seg om andre og å ha evna til empati. Empati vil seie å kunne setje seg inn i korleis andre menneske kjenner og opplever situasjonar, utan å overta eller ta den andres kjensle innover seg.

Døme

Anne er 82 år og bur åleine i huset sitt etter at mannen hennar døydde for eitt år sidan. Ho har ingen nær familie og får lite besøk. Anne er ofte lei seg, og ho uttrykker eit stort behov for nærleik og omsorg. Korleis kan du som medmenneske vere med på å gjere Annes situasjon betre?

Samspel

Vi er altså sjølvstendige individ som blir fødde inn i eit samfunn og ein fellesskap. I dette samfunnet – uavhengig av kva land og kultur vi veks opp i – er vi bunde saman av normer, verdiar og tradisjonar. Eit nyfødd barn er ikkje berre passivt eller "tomt", men har ei unik evne til å kommunisere med omverda med ein gong. Derfor seier vi at barnet blir utvikla i eit aktivt samspel med menneska og miljøet det er ein del av. I dette samspelet skal barnet lære å bli eit menneske og ein del av samfunnet og fellesskapen.

Utfordringar til deg

  1. Kva vil det seie å vere menneske?

  2. Korleis er du som medmenneske for dine

    • venner

    • foreldre

    • søsken

    • naboar

    • besteforeldre

    • lærarar

    Er det nokon forskjell?

  3. På kva måte blir mennesket ein del av eit samfunn og ein fellesskap? Kom med døme.

Skrive av Trine Merethe Paulsen, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist oppdatert 31.01.2018