Oppgåve
Kommunikasjon som styrkar relasjonar
Korleis heng kommunikasjon og relasjonar saman, og korleis kan du gi andre ein respons som styrkar relasjonen din til dei?

Å ta del i gleda til andre på ein god måte er viktig for ein venskap. Kvifor kan dette vere vanskeleg?
Oppgåve 1. Samanhengen mellom relasjonar og kommunikasjon
- Les om korleis relasjonar og kommunikasjon heng saman i fagartikkelen "Roller, relasjonar og kommunikasjon" som ligg som relatert innhald.
- Skriv ned alle setningane som har orda "relasjon" eller "venskap" i seg.
- Samanfatt med eigne ord korleis relasjonar og kommunikasjon heng saman.
- Diskuter: Kor viktig er kommunikasjon for ein god relasjon? Kor viktig er ein god relasjon for at vi skal kommunisere godt?
Oppgåve 2. Prøv ut fire typar tilbakemeldingar
I artikkelen "Kunsten å ta del i andres glede" på Psykologisk.no (lenkje ligg som relatert innhald) lærer du om fire typar tilbakemeldingar du kan gi når nokon delar noko positivt dei har opplevd, med deg.
- Gå saman i par og les artikkelen høgt. Stopp etter kvart avsnitt og diskuter innhaldet.
- Kjenner de dykk igjen i det som blir beskrive her?
- Kva er grunnar til at vi ikkje gir kvarandre aktiv og konstruktiv respons heile tida?
- Framleis i par: Den eine av dykk fortel om noko bra som har skjedd. Den andre prøver ut dei ulike responstypane. Hugs på kroppsspråket òg!
- Kva skjer om de bruker kroppsspråket frå ein negativ respons saman med verbalspråket til ein positiv respons?
Oppgåve 3. Reflekter og diskuter
Diskuter og reflekter saman i klassen om korleis dei ulike responstypane påverkar kommunikasjonen.
- Korleis kjennest det å få destruktiv respons?
- Kva for nokre av responstypane kjendest verst å få?
- Kva for nokre av responstypane kjendest verst å gi?
- Kva skjer om de bruker kroppsspråket frå ein negativ respons saman med verbalspråket til ein positiv respons?
- Forfattaren av artikkelen på Psykologisk.no seier at aktiv og konstruktiv respons "burde vært pensum for skoleelever og lærere, for ledere og kollegaer." Diskuter denne påstanden.
Relatert innhald
Kunsten å ta del i andres glede
Nettside hos psykologisk.no
Roller, relasjonar og kommunikasjon
Korleis påverkar roller og relasjonar korleis vi kommuniserer med kvarandre?