Roller - Kommunikasjon og samhandling (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Roller

Ei rolle blir definert som summen av dei forventningane som blir stilte til ein person i ein viss posisjon. Ein viktig del av sosialiseringa er å ta opp i seg ulike typar roller.

I løpet av ein dag har vi ei mengde roller. Når du står opp, er du kanskje dotter eller syster. Litt seinare på dagen er du elev, venn og klassekamerat, før du kanskje besøker bestefar og har rolla som barnebarn.

Vi lærer ofte roller på ein indirekte måte. Rolla "storebror" er til dømes ei rolle i familien. Yngre sysken lærer noko om kva denne rolla går ut på, når dei er saman med storebror. Det kan vere å ta ansvar for dei som er yngre enn seg sjølv, hjelpe far og mor i huset og halde orden på rommet sitt. Slik vil det òg vere for andre roller.

Sjølv om det er forventningar knytte til alle roller, så har du òg ein individuell fridom til å definere dei rollene du har. Elevrolla er eit godt døme på dette, her ligg det klare forventningar til deg om å gjere lekser, kome til rett tid, delta aktivt i undervisning og vurdering. Men i klassen møter de desse forventningane på ulike måtar og får derfor også ulike roller her. Dette kan du lese om under grupper.

Kjønnsroller

Å lære kjønnsrollene i eit samfunn er ein del av sosialiseringa. Det er viktig å kjenne dei forventningane som blir stilte til det å vere gut eller jente, anten ein veks opp i Noreg eller i andre land. Like viktig er det å kjenne til at du sjølv i stor grad kan velje korleis du ønskjer å vere som jente eller gut, og at forventningane i samfunnet til manns- og kvinnerolla også endrar seg. I Noreg er likestilling eit uttalt mål i samfunnet.

Rolleinnlæring

Barn lærer tidleg kva for eit kjønn dei har. Etter kvart som barna etablerer ein identitet som er knytt til sitt eige kjønn, seier vi at dei utviklar ein kjønnsidentitet. Denne identiteten blir i prinsippet danna gjennom imitasjon, identifikasjon, ros og straff.

Yrkesrolla

Når du startar i jobb, vil du gå inn i ein ny type rolle, med nye forventningar og sjansar. Med yrkesrolla følgjer det ein tittel som barne- og ungdomsarbeidar, ortopediteknikar, hudpleiar eller liknande.

Det blir stilt heilt spesielle forventningar til deg i rolla som yrkesutøvar, men i tillegg må du gjere eit medvite val knytt til korleis du vil utøve denne rolla. Ein yrkesutøvar som held seg fagleg oppdatert, tek imot opplæring og rettleiing, som er positiv og engasjert, vil ofte trivast betre i rolla si enn ein som held seg meir passiv.

Din måte å gå inn i yrkesrolla på er nært knytt til den yrkesidentiteten du får.

Utfordringar til deg:

  1. Skriv ned kva for roller du har hatt dei siste dagane.
  2. Kva for forventningar ligg i dei ulike rollene?
  3. Kvifor er det viktig å lære kva som blir forventa av deg som gut eller jente?
  4. Kvifor trur du det finst fleire bilete, statuar og liknande av mor og barn enn av far og barn?
  5. Kjenner du nokre døme på at kjønnsrollene er forskjellige i ulike land?
  6. Diskuter om det er likestilling i Noreg, og kva som ligg i omgrepet likestilling.
  7. Skriv ned korleis du ønskjer at yrkesrolla di skal vere.

Relatert innhald

Fagstoff
Rolla di i gruppa

Ei gruppe er sett saman av to eller fleire personar som kjenner at dei høyrer saman. Grupper oppstår ofte når personar skal løyse oppgåver med felles mål.

Fagstoff
Identitet

Identitet er korleis ein person eller ei gruppe oppfattar seg sjølve eller korleis dei blir oppfatta av andre. Identiteten vår utviklar seg heile livet.

Skrive av Trine Merethe Paulsen, Agnes Brønstad og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017