Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Øv på rettleiing med praterobot

Som helsepersonell skal du gi rettleiing til kundar, pasientar og pårørande. Rettleiing er ein samtale der du hjelper den andre til å reflektere over og forstå sin eigen situasjon. I denne oppgåva får du øve deg på å gjennomføre ein rettleiingssamtale ved å samtale med ein praterobot.

Korleis gjennomføre samtalen

I denne oppgåva skal du velje eitt av tre yrke og utføre ein rettleiingssamtale med ein pasient eller kunde. Under finn du tre ulike situasjonar du kan velje mellom, avhengig av kva yrke du utdannar deg til.

I samtalen med prateroboten skal du ta rolla som helseservicearbeidar, mens roboten speler rolla som pasient eller kunde. Bruk det du har lært om rettleiing til å hjelpe pasienten eller kunden med å reflektere over eigen situasjon og komme fram til løysingar som er realistiske å gjennomføre. Når samtalen er avslutta, får du tilbakemelding frå prateroboten på korleis du gjennomførte rettleiinga.

Situasjonsbeskriving

Vel éin av desse tre rettleiingssituasjonane:

  • Du er apotekteknikar og skal rettleie om kosthaldsendringar hos ein pasient med diabetes type 2.

  • Du er tannhelsesekretær og skal rettleie ei mor i tannpuss av ein 4-åring som har begynnande hol.

  • Du er helsesekretær og skal rettleie ein pasient som har vore storrøykar i mange år og ønsker å slutte.

Lag din eigen praterobot

For å komme i gang med samtalen må du først opprette ein eigendefinert praterobot.

Slik gjer du det:

  1. Vel situasjonsbeskrivinga som passar for deg. Deretter må roboten få ein instruks om korleis han skal opptre i samtalen. Filene nedanfor (JSON) inneheld instruksane for korleis roboten skal opptre i kvar situasjon. Last ned fila som er aktuell for deg. Du treng ikkje å lese instruksen.

  2. Logg deg inn på ndla.no, gå til "NDLA praterobot" og vel "Lag din egen praterobot".

  3. Vel "Åpne oppsett", trykk "Velg fil" og last opp JSON-fila frå mappa "Nedlastinger" på datamaskina di.

  4. Trykk "Opprett". Prateroboten har no fått instruksen og er klar til å gå inn i rolla som pasient eller kunde.

  5. Bruk den foreslåtte startsetninga som blir vist når du har oppretta prateroboten. Du kan enkelt kopiere og lime setninga inn i tekstfeltet der du startar samtalen. Da er samtalen i gang!

  6. Når du meiner du har rettleidd tilstrekkeleg, skriv du "Ønsker rettleiing". Då får du tilbakemelding frå roboten på korleis du handterte samtalen.

  7. Etter at du har fått rettleiing, kan du starte ein ny samtale ved å nullstille prateroboten. Oppgåva fungerer best når du gjennomfører samtalen fleire gonger og prøver å ta til deg tilbakemeldingane frå roboten.

Refleksjon

Du har no gjennomført éin eller fleire rettleiingssamtalar med prateroboten og fått tilbakemelding på korleis det gjekk. No skal du reflektere over korleis du gjennomførte samtalen/samtalane med pasienten eller kunden.

  1. Korleis prøvde du å legge til rette for refleksjon hos pasienten eller kunden?

  2. Kva tilbakemeldingar frå prateroboten opplevde du som spesielt nyttige?

  3. Kva skil ein rettleiingssamtale frå det å gi informasjon og råd til ein pasient eller kunde?

Skrive av Kathrine Synnøve Karlsen.
Sist oppdatert 06.03.2026