Som helseservicearbeidar må du kunne rettleie pasientar og kundar om tiltak som fremmar fysisk og psykisk helse. Då må du ha god innsikt i dei individuelle og miljømessige faktorane som påverkar helsa vår.
Vi menneske har både ei fysisk og ei psykisk helse. Den fysiske helsa handlar om korleis kroppen vår fungerer, mens den psykiske helsa handlar om tankane og kjenslene våre, og korleis vi har det med oss sjølve og andre. Desse to sidene heng tett saman.
Kor god helse vi har, varierer frå person til person fordi vi blir påverka av mange ulike faktorar. Vi kan dele desse faktorane inn i to hovudgrupper:
individuelle faktorar, som handlar om deg som person – alt frå genetikk og arv til alder, livsstil og vanar
miljømessige faktorar, som handlar om omgivnadene dine, som det fysiske og sosiale miljøet rundt deg
Individuelle og miljømessige faktorar heng saman og påverkar kvarandre heile tida. I den interaktive presentasjonen under kan du utforske nokre av dei viktigaste faktorane. Deretter skal vi sjå nærmare på kva dei har å seie for deg når du skal gi god rettleiing til pasientar eller kundar.
Individuelle faktorar
Genetikk og arv
Arv handlar om dei biologiske eigenskapane som blir overførte frå éin generasjon til den neste gjennom gena våre.
Medfødde genetiske tilstandar
Nokre medfødde tilstandar kjem av kromosomavvik, som til dømes Downs syndrom, mens andre kjem av andre genetiske årsaker, som ved Huntingtons sjukdom.
Arvelege risikofaktorar
Enkelte gentypar gir, i kombinasjon med andre helsefaktorar, auka risiko for å utvikle helseproblem. Dette kan til dømes vere hjarte- og karsjukdommar, enkelte krefttypar og psykiske lidingar.
Alder og kjønn
Helsa vår varierer med alder og kjønn.
Aldersrelaterte helseutfordringar
Kroppen endrar seg gjennom heile livet. Barnesjukdommar er naturlege nok vanlegast i barneåra, mens risikoen for kroniske helseproblem gjerne aukar med alderen.
Kjønnsrelaterte helseutfordringar
Enkelte helsetilstandar og sjukdommar rammar berre det eine kjønnet. Plagar relatert til svangerskap og fødsel rammar berre kvinner, mens berre menn kan få prostatakreft.
Risiko for skadar og ulykker
Sjansane for å bli utsette for ulykker varierer mellom aldersgrupper og kjønn. Statistisk sett er ungdom meir utsett for ulykker og skadar enn vaksne, og menn er meir utsette enn kvinner.
Livsstil og vanar
Livsstil og vanar handlar om dei vala vi tek i kvardagen.
Kosthald
Eit variert og sunt kosthald gir energi og førebygger sjukdom.
Fysisk aktivitet
Fysisk aktivitet førebygger både fysiske og psykiske lidingar. Rørsle styrker kroppen, gir ei kjensle av meistring, reduserer stress og gir meir overskot i kvardagen.
Søvn
Endå søvn er viktig for at kroppen og hjernen skal få restituert seg, og det er viktig for både den fysiske og psykiske helsa.
Rusmiddel
Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel aukar risikoen for alvorlege fysiske sjukdommar og psykiske plager.
Personlegdom og meistringsevne
Personlegdommen vår påverkar kva val vi tek i kvardagen. Meistringsevna vår avgjer korleis vi handterer stress og utfordringar, noko som har mykje å seie for trivsel og livskvalitet.
Kunnskap, haldningar og verdiar
Kva vi veit om helse, og kva haldningar og verdiar vi har, legg føringar for dei helsevala vi tek kvar einaste dag.
Miljømessige faktorar
Fysisk miljø
Det fysiske miljøet omfattar både ute- og inneområda i nærmiljøet vårt.
Reint vatn
Tilgang til reint drikkevatn er avgjerande for liv og god helse. Kroppen vår treng vatn for å fungere, og vi treng reint vatn til personleg hygiene og velvære.
Lyd og støy
Uønskt støy kan forstyrre søvn og konsentrasjon. Over tid kan støy føre til auka stressnivå og både fysiske og psykiske helseplager.
Inneklima og luftkvalitet
Dårleg inneklima og luftforureining, til dømes i form av svevestøv, kan auke risikoen for luftvegssjukdommar.
Helse- og miljøskadelege kjemikaliar
Somme kjemikaliar kan vere kreftframkallande, skade arvestoffet eller svekke forplantningsevna. Dei kan òg forstyrre hormon-, immun- og nervesystemet, og dessutan gi akutte forgiftingar eller organskadar.
Bustad, nærmiljø og tilgang til natur
Trygg busituasjon, god bustadstandard, tilgang til møteplassar og brukarvennlege grøne uteområde fremmar fysisk aktivitet, sosial deltaking og trivsel. Dette gir betre psykisk og fysisk helse for alle aldersgrupper.
Oppvekst og levekår
Trygg oppvekst og gode levekår gir betre psykisk helse. Barndomstraume kan gi auka risiko for helseutfordringar seinare i livet.
Sosialt miljø
Det sosiale miljøet handlar om menneska vi har rundt oss, og dei fellesskapa vi er ein del av.
Gode relasjonar
Gode relasjonar til familie og venner gir emosjonell støtte som kan verne mot stress og bidra til betre livskvalitet.
Sosial støtte
Det å få støtte frå andre kan vere avgjerande for å meistre både små kvardagsutfordringar og store livshendingar. Sosial støtte kan handle om alt frå trøyst og omsorg til praktisk hjelp, økonomisk støtte eller gode råd. Mangel på sosial kontakt og langvarig einsemd kan derimot føre til at ein trivst dårlegare, og det aukar risikoen for helseproblem.
Sosial deltaking
Frivillige organisasjonar bidreg til å bygge og halde oppe sosiale nettverk. Frivillig arbeid gir positive helsegevinstar både for mottakarane av tenestene og for deltakarane.
Samfunnsforhold
Samfunnsforhold handlar om korleis samfunnet vårt er organisert, og kva rammer vi lever under.
Økonomi
Låg inntekt gjer det vanskeleg å kjøpe sunn mat eller delta i aktivitetar, noko som aukar risikoen for ein usunn livsstil.
Utdanning
Eit lågt utdanningsnivå kan føre til mindre kunnskap om helsefremjande tiltak og gjere det vanskelegare å ta gode val.
Arbeid og arbeidsmiljø
Eit godt arbeidsmiljø bidreg til betre psykisk helse og førebygger sjukdom. Stress og høgt press kan gi psykiske plager og auke risikoen for fysiske sjukdommar.
Tilgang til helsetenester
Lang avstand til helsetilbod kan hindre førebyggande helsearbeid og forseinke behandling.
Som helseservicearbeidar skal du støtte pasientar og kundar i å ta gode val for sin eiga helse. For å gi rettleiing som faktisk nyttar, må du sjå heile mennesket og ta utgangspunkt i dei ressursane kvar enkelt har.
Kartlegg dei indviduelle og miljømessige faktorane
God rettleiing er alltid tilpassa pasienten eller kunden. Som helseservicearbeidar må du derfor begynne med å kartlegge dei individuelle og miljømessige faktorane i livet til personen. Du kan til dømes stille deg spørsmål som: Søv personen nok? Et hen sunt? Kor ofte er hen fysisk aktiv? Har vedkommande gode relasjonar til menneska rundt seg? Det vil variere frå person til person kva spørsmål som er mest relevante, og dermed også korleis du bør gi rettleiinga.
Kartlegg særleg helsekompetansen
Ein av dei viktigaste individuelle faktorane å få innblikk i, er kva personen veit om helse. Dette kallar vi helsekompetanse.
Helsekompetanse handlar om at personen veit korleis hen skal finne, forstå og vurdere helseinformasjon, og bruke informasjonen til å ta gode val i kvardagen. Kva vi veit om helse, og kva haldningar og verdiar vi har, legg føringar for dei helsevala vi tek kvar einaste dag. Det er svært viktig å kartlegge helsekompetansen til personen for at du skal kunne gi den rettleiinga personen treng.
Vektlegg det personen får til
Når du har kartlagt faktorane og skal gi rettleiing, er det viktig at du løftar fram styrkane og ressursane personen allereie har. I staden for å berre leite etter feil eller diagnosar, bør du sjå etter det som gir personen motstandskraft og god helse. Dette kallar vi salutogenese. Det handlar om å flytte merksemda frå det som gjer oss sjuke, til kva som faktisk held oss friske og gir livet meining.
Gi støtte til å ta kontroll
Når du set ord på kva personen får til, blir det lettare å få tru på seg sjølv. Det er ein viktig del av det vi kallar empowerment, eller eigenmakt. Målet er å gi personen støtte og kunnskap slik at hen kan mobilisere eigne krefter og ta kontroll over eigen kvardag. Du skal ikkje ta vala for personen, men hjelpe vedkommande til å oppleve at hen har makt over eige liv.
Kva du legg vekt på i rettleiinga, vil variere. Nokon treng å jobbe med vanar og livsstil, mens andre treng støtte knytt til relasjonar eller til det å delta i ein fellesskap. Når du hjelper personen med å sjå kva hen faktisk meistrar, aukar det sjansen for at hen klarer å halde på motivasjonen over tid.
Styrk helsekompetansen
Når du har kunnskap om kva pasientar eller kundar kan, ønsker og treng, er det enklare å styrke helsekompetansen deira. Det gjer du ved å
forklare kva som fremmar god helse
gjere informasjonen forståeleg og relevant
vise kva val personen sjølv kan ta
støtte personen i å ta små eller større steg mot betre helse
Det er òg viktig å hugse at personen bør få hjelp til å sjå samanhengar mellom eigne handlingar og eiga helse. Vi menneske synest forandringar er meir meiningsfulle når vi forstår kvifor dei er viktige.
Utfordringar til deg
Nemn éin individuell faktor og éin miljømessig faktor som du meiner har noko å seie for helsa di, og forklar kvifor og korleis faktorane påverkar helsa di.
Kva spørsmål vil du stille til ein person som slit med stress og kjenner seg sliten, for å finne ut om det kjem av individuelle faktorar, miljømessige faktorar eller ein kombinasjon av begge?
Kvifor er det viktig å tilpasse rettleiinga til det personen kan, ønsker og treng?