Individuelle og miljømessige helsefaktorar
Helsefaktorar er dei ulike faktorane som påverkar helsa vår. Nokre faktorar bidreg til god helse, mens andre aukar risikoen for helseproblem. Vi deler helsefaktorane inn i individuelle faktorar, som livsstil og gener, og miljømessige faktorar, som sosiale og fysiske omgjevnader.
