Hopp til innhald
Fagartikkel

Sosial status og helse

Sosiale helseforskjellar som utdanning, økonomi og levekår påverkar helsa, men korleis kan helsa påverke den sosiale statusen din?

Sosial ulikskap

Sosial ulikskap i helse blir òg kalla sosiale helseforskjellar, og det handlar om at menneske med lang utdanning og god økonomi ofte har betre helse og lever lenger enn personar med kort utdanning. I Noreg er dei sosiale helseforskjellane større enn i mange andre europeiske land sjølv om vi har eit høgare utdanningsnivå i befolkninga og mindre forskjell i inntekter enn dei fleste land vi kan samanlikne oss med.

Helseforskjellane gjeld alle aldersgrupper, og ulike levevanar påverkar helsa vår gjennom heile livsløpet. Dei siste tiåra har forskjellane i forventa levealder auka i Noreg, og utjamning av sosiale helseforskjellar er derfor eit prioritert område innan folkehelsearbeid.

Video: Folkehelseinstituttet / CC BY-NC-ND 4.0

Sosial ulikskap påverkar sosial status

Sosial status heng ofte saman med helse, utdanning og økonomi. Ein person med god helse, høg utdanning og god økonomi har ofte høgare sosial status enn ein person med dårleg helse, låg utdanning og dårleg økonomi.

Låg utdanning kan medføre avgrensa valmoglegheiter når det gjeld jobb, og ofte er det ein samanheng mellom utdanning og lønn. Dårleg økonomi kan avgrense moglegheita for å gjere gode helsefremmande val, og dette fører til sosial ulikskap i helse. Dermed kan sosial status bli påverka av faktorar som fremmar eller hemmar helse, som utdanning, økonomi og livsstil.

Helsa påverkar sosial status

Sjukdom eller helsesvikt kan medføre fall i sosial status fordi du ikkje lenger kan delta i samfunnet på same måte som før. Det å falle utanfor skule eller arbeidsliv, eller i det sosiale livet, påverkar sjølvbiletet. For mange kan dette derfor ha stor innverknad på livsmeistring og både psykisk og fysisk helse. Mange opplever òg at den sosiale statusen deira blir endra når dei blir gamle, fordi dei ikkje lenger har dei same rollene som dei hadde før.

Som fagarbeidar skal du vise respekt og toleranse for alle brukarar og pasientar du møter i arbeidet ditt, uavhengig av den sosiale statusen deira. Du må òg vise empati og forståing for at helseproblem og nedsett funksjonsevne kan påverke sjølvkjensla og sjølvbiletet. Det å vere avhengig av hjelp frå andre og ikkje klare seg sjølv kan vere svært vanskeleg å handtere. Saman med manglande meistringskjensle blir det ei tilleggsbelastning som kan forverre både den fysiske og den psykiske helsetilstanden.

Utfordringar til deg

  1. Korleis er sosial status knytt til helse, utdanning og økonomi?

  2. På kva måtar kan sjukdom og helsesvikt påverke den sosiale statusen din?

  3. Korleis vil du som fagarbeidar vise respekt og toleranse for den sosiale statusen til andre i arbeidet ditt? Reflekter saman med ein eller fleire medelevar.

Kjelde

Syse, A. et al. (2022, 16. september). Sosiale helseforskjeller i Noreg. Folkehelserapporten. Folkehelseinstituttet. https://www.fhi.no/nettpub/hin/samfunn/sosiale-helseforskjeller/

Relatert innhald

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2023