Oppgåve
Film
Interkulturell kompetanse i møte med andre sine religionar
Sjå NRK-programmet der to unge med ulike religiøse livssyn møtest for å forstå kvarandre betre. Bruk kunnskap om interkulturell kompetanse og kultur til å reflektere over møtet.
Del 1: Hindu møter pinsevenn
Sjå videoen Oh my God! Hindu møter pinsevenn (lengde 13:23):
Oh my God! Hindu møter pinsevenn. Film: NRK / CC BY-NC-ND 4.0
Korleis påverkar religionen livet til Ravinea? Peik på konkrete døme i filmen.
- Korleis reagerer Anne Louise på Ravinea sitt forhold til religionen?
- Fører dette treffet til at Anne Louise får ei betre forståing av kulturen til Ravinea? Grunngi svaret.
Del 2: Pinsevenn møter hindu
Sjå videoen Oh my God! Pinsevenn møter hindu (lengde 14:53):
Oh my God! Pinsevenn møter hindu. Film: NRK / CC BY-NC-ND 4.0
- Korleis påverkar religionen livet til Anne Louise? Peik på konkrete døme i filmen.
- Korleis reagerer Ravinea på Anne Louise sitt forhold til religionen?
- Fører dette treffet til at Ravinea får ei betre forståing av kulturen til Anne Louise? Grunngi svaret.
Del 3: Vurder kommunikasjonen
Les dei to fagartiklane om interkulturell kommunikasjon under og diskuter desse spørsmåla med ein medelev:
- Vurder kommunikasjonen mellom dei to jentene. Viser dei interkulturell kompetanse? Grunngi svaret.
- Kva for nokre av omgrepa passar best på å beskrive kommunikasjonen mellom jentene? Tverrkulturell kommunikasjon eller interkulturell kommunikasjon? Grunngi svaret.
- Kva kan det gjere med oss – å møte andre som har ulike perspektiv på verda og livet?