Kva skjer når vi ikkje forstår kvarandre? - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva skjer når vi ikkje forstår kvarandre?

Nokre gonger blir det knute på tråden når innhaldet i ei melding skal avkodast. Kva er det eigentleg som skjer når du ikkje forstår eller misforstår ?

Kva vil det seie å forstå?

Frå du er eit lite barn, samlar du opp omgrep, kunnskap og erfaringar om verda. Når du møter på noko nytt, koplar du det til noko du kjenner frå før, og slik utvidar du både omgrepsforståinga og kunnskapen din om verda.

Eit lite barn kan bruke nemninga "pus" på alle dyr med pels. Vi lærer betydinga av omgrep i samspel med andre, i møte med fenomen i verda, som kattar og hundar. Viss barnet får tilbakemeldingar om at dyret dei peikar på, er ein hund, vil dei nyansere både erfaringane og omgrepa sine. Neste gong dei møter ein hund, har dei kunnskapen om verda som gjer at dei kan velje riktig omgrep for å beskrive ho.

Når du ikkje forstår noko, er det ofte fordi du ikkje har kunnskap eller erfaring om det. Då gjeld det å prøve å finne knaggar du kan henge den nye kunnskapen på, gjennom å sjå om du kan kople det ukjende til noko du kjenner til:


Eit døme:


Ordet 'biped' blir brukt i zoologien, men ikkje så mykje i daglegtalen.
- Kan du forstå kva det betyr?

Eit liknande ord som er meir vanleg i bruk, er 'tripod'.
- Forstår du kva det betyr? Vi kan anta at dei fleste av lesarane veit kva ordet betyr. Viss vi no forklarer at 'biped' og 'tripod' er ganske like ord, som er bygd opp av dei same to orda:

'bi' (dobbel) og 'tri' (tre) og det latinske 'pes' og greske 'pod', som begge betyr fot.

- Forstår du no kva 'biped' betyr?

Kva skjer når du ikkje forstår?

Det er ikkje alltid vi klarer å kople det ukjende til noko kjent.

Viss du ikkje kjenner til reglane for fotball, vil det ikkje gi noka meining for deg som tilskodar å sjå at ein linjedommar viftar med offside-flagget. Du manglar kunnskap til å avkode dette teiknet.

Du kan prøve å gjette kva teiknet betyr ut frå situasjonen, men det er ikkje så lett å sjå samanhengen mellom kva spelaren gjorde då hen kom i offside, og flagg-viftinga. Nokon kan forklare deg kva offside er, men det beste vil nok vere å spele fotball sjølv, slik at du får konkrete erfaringar med kva det vil seie å vere offside. Neste gong du ser ein linjedommar vifte med flagget, har du ein 'knagg' å hengje omgrepet på, sidan du har erfaringar som gjer at du kan tolke teiknet.


Tenk over / diskuter:

Korleis kan du bruke det du har lært om forståing her, neste gong du møter nokon som ikkje forstår kva du snakkar om?

Kva skjer når du misforstår?

Nokre gonger gjer vi feilkoplingar. Misforståingar er når vi trur at vi har forstått noko, mens vi har avkoda meldinga på ein måte som slett ikkje stemmer overeins med den innkoda betydinga av ei melding. Kanskje du fann eit kjent omgrep som likna det nye omgrepet, som du trudde gav nøkkelen til å forstå det? Nokre gonger kan likskapar i omgrep vere overfladisk og leie deg på villspor, som i dette dømet:


Eit døme:

Du kan lese om denne hendinga i artikkelen: Legen forstod ham ikke – ble avvist på NRK:

I 2009 vart ein norsk 25-åring som budde i København, slått med eit glas i hovudet.

Han lei av sjukdommen hemofili, ein tilstand der blodet ikkje koagulerer, slik at små skadar kan føre til store blødingar, og han drog til legevakta sjølv om han berre hadde ein kul i hovudet. På legevakta fortalde han at han var hemofil.

Han fekk til svar at ”homofili – det treng du ikkje behandling for”, og at han burde dra heim. Som danske høyrde sjukepleiaren tydeleg "homofil", og kopla det feil, til ordet som har med seksuell legning å gjere.

Dette vart ei misforståing som kosta mannen livet, dei fann han seinare død av indre blødingar i hjernen.

I dette tilfellet hadde det vore mykje betre om dei tilsette på legevakta hadde forstått at dei ikkje forstod. Då kunne dei ha skjønt kva det handla om, ved å spørje om 25-åringen kunne gjenta det han sa.


Tenk over / diskuter:

Korleis opplever du det når nokon du kommuniserer med, ikkje forstår at dei ikkje forstår? Kva konsekvensar kan det ha?

Skjer misforståingar oftare når vi nesten forstår kvarandre?

Kjelder:

Dahl, Ø. (2001). Møte mellom menneske: interkulturell kommunikasjon. Gyldendal.

Skrive av Øyvind Dahl og Caroline Nesbø Baker. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 08.12.2020