Ytre og indre salsmiljø
Film: Utforming av det ytre salsmiljøet
I filmklippet under (lengde 1:05) får vi presentert døme på korleis ei utstilling kan setjast saman slik at ho passar til designprofilen til kjøpesenteret.
Butikken
Butikken er ein del av marknadsføringa. Fasaden skal trekke kundane inn i butikken, mens interiøret skal få kundane som er i butikken, til å kjøpe meir. Det er viktig at butikkmiljøet passar til målgruppa. Vi deler inn i ytre og indre salsmiljø. Dette påverkar korleis kundane opplever butikken.
Ytre salsmiljø
Det ytre salsmiljøet er det kunden møter på utsida av butikken. Det består av plassering, fasaden, inngangspartiet og utstillingsvindauga.
Indre salsmiljø
Det indre salsmiljøet er det kunden møter inne i butikken. Det består av innreiing, lys, reinhald og orden, vareplassering og personale.

Tiltak i ytre og indre salsmiljø
Vi må finne ut kva for tiltak vi skal gjere i det indre og ytre salsmiljøet for å fremme profilering og auke salet. Korleis kan vi skape eit miljø som treffer målgruppa?