Det indre salsmiljøet

Det indre salsmiljøet
Fargebruk og profilering påverkar i stor grad oppfatninga som kundane får av lokalet. Det blir feil om fasaden gir inntrykk av at butikken er svært eksklusiv, mens det indre miljøet gir eit billeg inntrykk.
Desse elementa inngår i det indre salsmiljøet:
- innreiing
- belysning
- personale
- reinhald og orden
- vareplassering
Innreiing
I butikken er hovudoppgåva til innreiinga og utstyret å presentere varene. På eit hotell eller ein restaurant har derimot innreiinga som oppgåve å gjere det funksjonelt og komfortabelt for gjestene og få dei til å trivast. Ein generell regel er at innreiinga og utstyret ikkje bør vere gammalt og slitt. Då kan kundane få eit inntrykk av at varene og tenestene har dårleg kvalitet. Les meir i artikkelen "Butikkinnreiinga".
Belysning
Belysninga inne i butikken er òg viktig for å skape eit godt og triveleg salsmiljø, som gjer at kundane ønsker å handle meir. Belysning handlar ikkje berre om å vise varene til kundane, belysning er òg kommunikasjon og marknadsføring. Lys blir brukt for å auke omsetninga, og for å forsterke profilen til butikken.
Personalet
Dei tilsette i butikken er ein del av det indre salsmiljøet, og dei tilsette er heilt klart med på å uttrykke profilen til firmaet. Oppfatninga som kundane får av firmaet, blir påverka av utsjånaden og framferda til dei tilsette. Kundane legg spesielt merke til om dei tilsette er velstelte, fint kledde, serviceinnstilte, og ikkje minst om dei har god kunnskap om varene og tenestene dei sel.
Det er ikkje utan grunn at mange butikkar krev at dei tilsette har på seg bestemde klede. Dette kan vere arbeidsuniformer eller kleskode for privat tøy.
Reinhald og orden
Det er viktig for salet at kundane opplever butikken som rein og ryddig. Det må vere godt reinhald på både golv og vegger, og ikkje minst i varehyllene. Det blir mykje støv og skit i løpet av ein dag med stadige kundebesøk, og det er ikkje uvanleg at dei tilsette vaskar både hyller, varer og golv i løpet av arbeidsdagen.
I tillegg til reinhald er det minst like viktig at butikken verkar ryddig. Varene er ofte sirleg plasserte i fine bunkar, og slik ser det ikkje ut når kundane har sett på varer eller prøvd dei. Dei tilsette må derfor heile tida rydde etter kundane. I butikkar for daglegvarer er det viktig å trekke fram varene, slik at hyllene ikkje ser halvtomme ut. I frukt- og grøntavdelinga må dårlege varer plukkast bort.
Vareplasseringa
Vareplasseringa er svært viktig for salet. Ulike salsformer krev ulik vareplassering. Det er mykje du må ta omsyn til når varene skal plasserast. Les meir om dette i artiklane nedanfor:
Planogram
Dei fleste store butikkjedene, som til dømes H&M, Gina Tricot, Dressmann, Zara, Sport 1, Meny og 7–Eleven, har klare retningslinjer for korleis det skal sjå ut inne i butikken og i utstillingsvindauga. Til dette bruker dei planogram.
Eit planogram er ei digital visualisering eller oversikt som viser nøyaktig korleis varene skal poserast i hyllene, kor mange eksemplar av kvar vare som skal stå fremst (fasade), kor salsmateriell skal henge, og korleis utstillingar skal byggast opp.
Planogram blir utarbeidde i spesialiserte dataprogram og blir ofte styrte av salsdata og kunstig intelligens (KI). Dei tilsette får planogramma direkte på digitale handterminalar eller nettbrett.
Planogramma endrar seg ofte i takt med marknadsføringskampanjar, sesongar og høgtider. På same tid finst det meir stabile planogram for den grunnleggande butikkinnreiinga og plasseringa av faste kjernevarer.
Det indre salsmiljøet i nettbutikken
På same måten som i ein fysisk butikk handlar det indre salsmiljøet i ein nettbutikk om å skape rett atmosfære, struktur og brukarvennlegheit (UX) for å inspirere, tilrettelegge og utløyse sal og meirsal. Dei digitale verkemidla tilsvarer i stor grad dei fysiske.

Layout og navigasjon
Ein intuitiv meny, ryddige kategoriar, god søkefunksjon og filtrering (til dømes etter storleik, farge eller pris) tilsvarer ryddige hyller og god kundestrøym i ein butikk. Det gjer det enkelt for kunden å orientere seg.
Vareeksponering og atmosfære
Høgutskilde bilete, produktvideoar, 360-graders visning, virtuelle prøverom og detaljerte produktbeskrivingar utgjer utstillinga inne i nettbutikken – som erstattar moglegheita til å ta og kjenne på varene.
Tilrettelegging for meirsal
Algoritmar som viser "Relaterte produkt", "Andre kjøpte også" eller pakketilbod fungerer på same måten som impulsvarer ved kassa i ein fysisk butikk.
Kasseområdet (Checkout)
Ein enkel og trygg kasseprosess med få steg, synlege og velkjende betalingsalternativ (Vipps, Klarna, bankkort) og ingen skjulte kostnader hindrar avbrotne kjøp, og sikrar at salet blir utløyst.
Relatert innhald
I denne oppgåva skal de undersøke teknisk utforming og løysingar på nettsider.