Det ytre salsmiljøet

Kva består det ytre salsmiljøet av?
Desse elementa er med i det ytre salsmiljøet:
- stad
- fasade
- inngangsparti
- utstillingsvindauge
Det ytre salsmiljøet har som oppgåve å få kundane til å komme inn i butikken, mens det indre salsmiljøet har som oppgåve å få dei kundane som har komme inn, til å kjøpe varene våre.
Stad
Dersom kunden ikkje finn bedrifta, blir det ikkje noko sal. Kvar bedrifta ligg, er altså svært viktig for at vi skal vere tilgjengelege for kunden. Vi må sørge for god skilting, slik at kundane ser kvar vi held til og enkelt kan finne oss. Det må vere parkeringsplassar i ein viss nærleik, og det må vere tilfredsstillande brøyting og strøing.
Staden, altså omgivnadene og det området butikken ligg i, er òg med på å gi eit inntrykk av profilen til butikken. Er strøket rundt nedslite, asfalten i gata og på parkeringsplassen full av hol og nabohusa fullstendig nedtagga, smittar dette over på korleis vi blir oppfatta. I slike tilfelle kan det vere vanskeleg å gi eit inntrykk av høg kvalitet og luksus.
Fasaden
Fasaden er bedrifta sitt ansikt mot omverda, og han må harmonere med profilen vår. Fasaden skal gi kundane lyst til å komme inn i butikken, så ein nedsliten fasade vil gi eit dårleg førsteinntrykk!

Inngangspartiet
Inngangspartiet skal ønske kundane velkomne, slik at dei får lyst til å komme inn. Partiet må derfor vere innbydande og ryddig. God belysning og fine, godt synlege skilt er med på å auke denne lystkjensla. Det må vere enkelt for kundane å ta seg inn i butikken, anten dei sit i rullestol, har med barnevogn eller er i toppform.
Det er viktig at farge og materialval harmonerer på fasaden, inngangspartiet og utstillinga elles, og opningstidene til butikken bør vere godt synlege i inngangspartiet.
Utstillingsvindauge
Utstillingsvindauga skal vise noko av det vi tilbyr, og formålet er å fange merksemda til potensielle kundar og påverke dei til å komme inn i butikken. Utstillingsvindauga er viktige for å profilere butikken eller kontoret. Fargeval og lyssetjing må harmonere, og det er derfor vanleg at profesjonelle dekoratørar lagar vindaugsutstillingane. Gamle utstillingar som er falma, fulle av støv og heilt utgåtte på dato, gir eit dårleg inntrykk. Vindaugsutstillingar bør sjølvsagt samordnast med det som elles blir gjort av profileringsarbeid og salsaktivitetar.

Utforming av det ytre salsmiljøet — Lagunen kjøpesenter
Tine Bjørnsen, stylist og dekoratør, gjer i filmen nedanfor (lengde 01:05) greie for korleis ho har bygd opp ei utstilling på Lagunen kjøpesenter i Bergen.
Tenk over
Kvifor trur du det er så viktig med bevisst bruk av fargar i utviklinga av det indre og ytre salsmiljøet?
I filmen ovanfor uttaler Tine Bjørnsen, som er stylist og dekoratør på Lagunen kjøpesenter i Bergen: "Du kan selje kva som helst, berre det blir presentert på ein god måte og sett saman med dei rette tinga." Vil du seie deg einig i den utsegna? Kvifor / kvifor ikkje?
Det ytre salsmiljøet i nettbutikken
På same måten som ein fysisk butikk er avhengig av plassering, utstillingsvindauge og ein innbydande inngang, handlar det ytre salsmiljøet i ein nettbutikk om å tiltrekke kundar og skape eit godt førsteinntrykk. Dette omfattar alt som skjer før kunden går inn i nettbutikken, i tillegg til det aller første visuelle møtet som gjer at dei vel å bli der.

Synlegheit og fasade
Kva skal til for at kundane finn fram til "butikken"? God søkemotoroptimalisering, målretta annonsering i sosiale medium, søkemotorannonsering (Google Ads) og relevante nyheitsbrev utgjer den digitale fasaden som gjer nettbutikken synleg der kundane ferdast.
Landingssider og førsteinntrykk
Kva møter kunden i det dei klikkar på ei lenke? Eit ryddig design, ein tydeleg logo, god kontrast og profesjonelle visuelle element fungerer som utstillingsvindauget til nettbutikken. Dette må fange interessa på få sekund og fortelje kunden at dei har komme til ein trygg og seriøs aktør.
Tilgjengelegheit og teknisk fasade
Akkurat som god parkering og ei innbydande inngangsdør i ein fysisk butikk må den tekniske inngangen vere saumlaus. Rask lastetid, tryggleikssertifikat (HTTPS) og eit fullstendig mobilvennleg (responsivt) design sikrar at ingen kundar snur i døra på grunn av teknisk friksjon.