Sommarbryllaup

Brudeparet Nora og Sigurd er kunden i denne oppgåva, og dei har sendt deg ein e-post. Avtal med læraren om det er læraren som kommuniserer med deg gjennom oppgåva, eller om du samarbeider med ein medelev som speler kunden. Det er viktig at all kommunikasjon skjer via reell e-post, kanskje har du ein e-postkonto på skulen? Ein viktig del av denne oppgåva er å ha profesjonell skriftleg kommunikasjon og utøve god kunderettleiing ut frå ønska og behova til paret. Du må sjølv ta ansvar for å stille gode spørsmål som gir deg svar på kva det er kunden ønskjer, og som gir deg eit utgangspunkt for vidare planlegging. Slik skriv du formell e-post.

I denne delen skal du tenkje på det heilskaplege visuelle uttrykket for bryllaupet. Hugs at god dialog med kunden undervegs er viktig. Visuelle døme som fargepalett og bilete bør vere ein del av kommunikasjonen.
Gjennomfør kundekommunikasjonen per e-post.
Fargepalett (A3, liggjande format) blir utarbeidd med utgangspunkt i trendfargar og/eller ønska til brudeparet. Bruk gjerne eit inspirasjonsbilete.
Stemning og stil for heilskapen i bryllaupet kan visast i eit moodboard (A3, liggjande format).
I denne delen vel du eit av yrka og planlegg produktet eller tenesta brudeparet spør etter. Hugs at det er viktig at brudeparet godkjenner idéar og skisser før du går i gang med produktet.
Visualiser produktet ditt i ei presentasjonsskisse, ei arbeidsteikning, ein prøvetime eller ein modell. Vel det som er mest føremålstenleg i yrket ditt. Vis gjerne til heile idéprosessen dersom det kan vere til nytte for brudeparet å få eit innblikk undervegs.
Gjer ein priskalkulasjon for produktet ditt.

Del 2 skal løysast i ei av desse yrkesretningane: interiør, blomar, frisør, eksponering eller profilering. Vel yrke og løys oppgåva.
Interiør
Planlegg lokalet eller uterommet for bryllaupsfesten ved å lage produktkart og/eller planteikning.
Eit produktkart kan omfatte bord, borddekor, servise, glas, lys, lounge, bar, gåvebord, stemningsbelysning og så vidare.
Ei planteikning (handteikning, eller digitalt i til dømes SketchUp eller Roomstyler) kan vise borddekking, bar, gåvebord, lounge og plassering for vigsla og portal.
Eksponeringsdesign

Design ein bryllaupsportal til utandørs vigsle. Lag ein prototype/modell av portalen i målestokk 1 : 10 med bakgrunn som viser miljø og sokkel/landskap.
Profileringsdesign

Lag ein visuell profil med fargar og typografi, og minst eitt av produkta nedanfor:
monogram
invitasjonar
bordkort
meny
Blomar

Planlegg og lag eitt av desse produkta:
borddekorasjon
blomesmykke til tre forlovarar (festa i håret, på handleddet, rundt halsen eller som eit kjolesmykke)
knappholsblome til tre forlovarar
blomekrans til håret
brudebukett
Frisør

Vel minst to av dei følgjande arbeida:
klassisk brudefrisyre
frisyre til forlovarane til bruda
styling av brudgommen og forlovarane hans
Klassen lagar ei utstilling der alle produkta blir presenterte.