Oppgave
Kommunikasjon på e-post
Å skrive ein privat e-post og å skrive ein forretnings-e-post er to ulike ting. Det er viktig å kunne forskjellen.
For å bli oppfatta som ein seriøs aktør i marknaden er det viktig å vere seriøs i all kontakt med kundar, leverandørar og andre. Dette gjeld òg e-postkorrespondanse. Er det til dømes greitt å bruke emojiar i ein forretnings-e-post? Korleis er det med signaturar?
Kva er forskjellane mellom private e-postar og forretnings-e-postar?
- Diskuter forskjellane på ein privat e-post og ein forretnings-e-post.
- Skriv ned dei viktigaste punkta de kjem fram til.
- Lag ei liste over kva de ikkje kan gjere i forretnings-e-postar.
- Diskuter kva de har funne, og summer opp dei viktigaste funna.
- Skriv ei liste på tavla over dei viktigaste «do’s and dont’s» i forretnings-e-postar.
- Ein i klassa skriv så ein forretnings-e-post med denne informasjonen og sender han til dei andre i klassen. E-posten skal vise korleis ein skriv ein forretnings-e-post, og beskrive kva som skil han frå ein privat e-post.
Relatert innhald
Fagstoff
Kundeservice på e-postE-post har i mange tilfelle teke over for forretningsbrev. Å svare på e-postar er ein viktig del av eksternserviceen til ei bedrift.