Tidlegare har vi lært at uttrykket 怎么样 zěnmeyàng blir brukt til å spørje om korleis nokon eller noko er. Kanskje litt lite intuitivt, men vi kan òg nekte sjølve uttrykket 怎么样 zěnmeyàng for å uttrykkje noko litt anna, nemleg at noko «ikkje er noko særleg». 不怎么样 bù zěnmeyàng kan sjåast på som eit fast uttrykk, som òg kan brukast når 怎么样 zěnmeyàng ikkje står i eit spørsmål rett før i konteksten. 不怎么样 tyder «ikkje særleg (bra)».
På kinesisk kan handlingsverb gjentakast, det vil seie komme to gonger etter kvarandre. Dersom verbet har to stavingar, som verbet 认识 rènshi, blir det gjenteke etter dette mønsteret: ABAB; 认识认识 rènshi renshi. Gjentaking har fleire funksjonar på kinesisk, avhengig av ordklassen til ordet som blir gjenteke. Med handlingsverb, som 看 kàn og 认识 rènshi, går tydinga over frå «å gjere verbet» til «å gjere verbet litt». Gjentaking av handlingsverb har altså som funksjon å uttrykkje at verbet blir gjort i liten grad eller berre for ei kort stund.
Det er viktig å vere klar over at subjektet i ei setning ikkje nødvendigvis alltid er den som utfører ei handling, men like gjerne kan vere den/det som setninga handlar om. Predikatet er den delen som seier noko om eller beskriv subjektet. I setninga 天气预报怎么说? Tiānqì yùbào zěnme shuō? – «Kva seier vêrmeldinga?» – er jo ikkje vêrmeldinga ein person, men likevel den/det som «seier noko». I denne setninga inneheld predikatet eit spørjeord, 怎么 zěnme, slik at fokuset er på kva subjektet seier, noko vi får svar på i den påfølgjande setninga:
天气预报 Tiānqì yùbào
怎么说? zěnme shuō?
«Vêrmelding
seier kva?»
预报说 Yùbào shuō
白天一直下雨。 báitiān yìzhí xiàyǔ.
«Vêrmelding – seier
dagtid – heile tida – regnar.»
怎么 zěnme er spesielt som spørjeord fordi det fungerer adverbialt, det vil seie at det står framfor verbet og spør om utføringa av verbet, og ikkje etter verbet (der det som regel spør om objektet av verbet). Eksempel:
怎么去? Zěnme qù? – «Korleis reiser ein (til ein plass)?»
晚上还要下雨吗? – Skal det framleis regne i kveld? Wǎnshang hái yào xiàyǔ ma?
Ordet 还 hái er eit adverb og blir derfor plassert framfor verbet, men har som nemnt fleire tydingar på kinesisk. I denne samanhengen tyder det «framleis; enno; meir». Sjå punkt 3 under grammatikkforklaringane til førre leksjon.
这么 zhème og 那么 nàme er to adverbiale uttrykk som seier noko om måten verbet blir utført på; nemleg på denne måten eller på den måten, avleidd frå 这 zhè og 那 nà, som vi kjenner frå tidlegare. Samanlikn:
又下雨了! Yòu xiàyǔ le! – «Det har begynt å regne att!»
又 yòu betyr «att» eller «igjen» og er eit adverb. Det står alltid framfor verbet og indikerer at verbhandlinga igjen har skjedd / blitt gjennomført. I dette tilfellet er verbet 下 xià – «å falle» – (avleidd frå tydinga «ned»; «nede»), og objektet er 雨 yǔ – «regn». Samanlikn:
Både 再 zài og 又 yòu tyder «igjen» eller «att» på kinesisk. Forskjellen mellom dei er at 再 zài blir brukt om ei gjentaking som kan skje, men som ikkje har skjedd enno (altså ei potensiell framtidig gjentaking), mens 又 yòu blir brukt om gjentakingar som allereie har skjedd. Dersom noko allereie har skjedd igjen, bruker vi 又 yòu. Dersom noko kan eller skal skje igjen, bruker vi 再 zài.
快 kuài – «raskt» – kan stå framfor verb og fungere adverbialt, med tydinga «raskt» eller «snart». Setninga over tyder «Lat oss kjappe oss og kjøpe ein paraply!». Andre eksempel:
Denne setninga er strukturelt den same som for eksempel 看一本书。 Kàn yì běn shū. Samanlikn:
看 kàn verb
一本 yì běn 书 shū objekt
买 mǎi verb
...把 bǎ 伞 sǎn objekt
I verb-objekt-konstruksjonar med eit kvantifisert objekt (ei bok, ein paraply, osv.) er det ikkje uvanleg i munnleg kinesisk at talet 1 blir utelate. Dette har ingenting å seie for tydinga, men er ei slags rytmisk forenkling av utsegnet.