I denne oppgåva skal du lage eit kurs for tilsette i ei salsbedrift. Ta gjerne utgangspunkt i praksisbedrifta di, ein stad du har jobba eller ein stad du har lyst til å jobbe. Målet med kurset er at dei tilsette skal bli betre i sal, kundebehandling, etikk og service.
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.
Lag eit notat med det du synest er viktigast å få med i kurset. Hugs å få med
korleis tilsette kan skaffe seg produktkunnskap, bransjekunnskap og forbrukarkunnskap, og kvifor denne kunnskapen er viktig
kva intern marknadsføring er, og korleis dette kan motivere seljarar til å gjere ein betre jobb
Lag ein presentasjon som du skal bruke til kurset. Presentasjonen kan du lage i Microsoft PowerPoint eller eit anna verktøy som du har tilgjengeleg. Du kan òg lage presentasjonen som ein instruksjonsvideo om du ønskjer det. (Du kan eventuelt leggje til lyd i presentasjonen i PowerPoint.)
Forslag til vurderingskriterium
I tabellen under finn de forslag til vurderingskriterium som kan brukast til oppgåva.
Vurderingskriterium
Nivå 1
Nivå 2
Nivå 3
Gjer greie for salsprosessane.
Lag ein plan for salskurset med utgangspunkt i salsprosessane.
Lag ein plan for salskurset, og vurder strukturen og innhaldet i kurset.
Gjer greie for etiske normer i samband med sal.
Svar på spørsmål om etiske normer.
Vurder eigne svar på spørsmål om etiske normer.
Gjer greie for produktkunnskap, bransjekunnskap og forbrukarkunnskap.
Gi råd om korleis ein seljar kan skaffe seg produktkunnskap, bransjekunnskap og forbrukarkunnskap.
Forklar kvifor produktkunnskap, bransjekunnskap og forbrukarkunnskap er viktig, og kva denne kunnskapen har å seie for sal og kundebehandling.
Forklar omgrepet intern marknadsføring.
Forklar korleis ein kan marknadsføre noko internt.
Gi døme på intern marknadsføring, og vurder kva dette har å seie for salsprosessen.